Uk­rai­na-kri­gen

Eit blikk frå Ukraina

Piloten i eit russisk Su-25-jagarfly filmar eit anna jagarfly som fyrer av rakettar over nabolandet Ukraina.
Publisert Sist oppdatert

Det er ik­kje len­ger no­kon løyn­dom at Russlands full­ska­la­krig i Uk­rai­na tru­gar med å flyt­te seg til Europa. Det kan skje snøg­ga­re enn eu­ro­pe­is­ke lei­a­rar kan tenkje seg.

Dei eu­ro­pe­is­ke lei­a­ra­ne fryk­tar for mangt, men for Russ­land ligg alt i for­ti­da – rus­sa­ra­ne fø­rer hyb­rid­krig (og ik­kje ber­re det) i hei­le ver­da. Europa føre­bur seg på dei for­me­ne for ag­gre­sjon som vi ser Kreml de­monst­re­re i dag, mens Russ­land ligg eit steg len­ger fram­me med pla­na­ne sine.

Kor­leis job­bar ge­ne­ral­sta­ba­ne i dei eu­ro­pe­is­ke hæ­ra­ne? Dei stu­de­rer og undersøkjer føl­gje­ne av kri­gar som har vore. Læ­rer av mis­ta­ka, ana­ly­se­rer feil­gre­pa og tek tap med i rek­nin­ga. Tenkjer ik­kje på at Europa kan gå til åtak (mot­åtak) – si­dan eit trau­me av evig skuld­kjens­le sit att i Tysk­land frå tida un­der an­dre verds­kri­gen. Det er hel­ler ik­kje noko som eu­ro­pe­is­ke vel­ja­rar kan til­la­te, hel­ler ik­kje hæ­ra­ne el­ler utrustninga, og slett ik­kje si­tua­sjo­nen i den mi­li­tæ­re øko­no­m­ien. Ergo ligg da­gens Europa fram­leis djupt inne i for­ti­da når det drøf­tar kri­gar.

Russ­land, der­imot – og nett det­te er det verdt å ta med i alle stra­te­gis­ke pla­nar – vil ik­kje ko­pi­e­re dei sce­na­ri­oa som Europa no føre­bur seg på. Russ­land kjem ik­kje til å gjen­ta «dei ukra­ins­ke fei­la» i ein krig med Europa. I bes­te fall blir det «eu­ro­pe­is­ke» – «pols­ke», «fins­ke» el­ler «bal­tis­ke» – feil, og Russ­land kjem ik­kje til å av­gren­se seg til des­se re­gi­o­na­ne. Ik­kje ber­re for­di lan­det treng å ha ein stad å bru­ke mil­li­on­pro­duk­sjo­nen frå mi­li­tær­fab­rik­ka­ne, men for å føre ag­gre­sjo­nen hos dei hund­re tu­sen mo­bi­li­ser­te rus­sis­ke sol­da­ta­ne inn i naud­synt lei, så dei ik­kje ven­der han mot sine eig­ne makt­ha­va­rar.

Det sis­te punk­tet – frykt for mak­ta – for­te­ner sær­skild merk­semd. Europa trur at Russ­land kri­gar for ter­ri­to­ri­um. Ei­gent­leg er det slett ik­kje slik. En­kel lo­gikk vit­nar om det. Når Europa tenkjer så bak­stre­versk, sy­ner det at lan­da heng et­ter i tid (ik­kje ber­re et­ter mot­stan­da­ren sine pla­nar). Europa har vore vand med at eit sigrande land all­tid har ein viss føre­mon av te­rr­it­or­ia det er­ob­rar – som i mellom­al­de­ren, då folk måt­te be­ta­le skatt til den nye hers­ka­ren, el­ler un­der an­dre verds­kri­gen, då Europa vart plynd­ra av sov­je­tis­ke styr­kar.

Kva nyt­te har vel Russ­land no av byane dei har ra­sert i Uk­rai­na – Bakhmut, Vuhledar el­ler Tsjasiv Jar? Russ­land bru­ker mil­li­ar­dar på kri­gen, men vil ald­ri bru­ke hund­re­vis av mil­li­ar­dar på å byg­gje opp att byane dei har er­ob­ra. Her fin­st kor­kje lo­gikk el­ler noko ra­sjo­nelt. Kva er det då? Kva ligg til grunn for den rus­sis­ke ag­gre­sjo­nen?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement