Ei britisk bragdHelsevesenEinar KringlenEngelskmennene er stolte av det offentlege helsevesenet sitt. I ei gallupundersøking for ikkje lenge sidan svarte to tredelar av dei spurde at dei såg på The National Health Service (NHS) som landets største bragd. E
Frå ein protestaksjon utanfor St. Thomas Hospital i London i 2016.
Foto: Frank Augstein / TT / NTB scanpix
Engelskmennene er stolte av det offentlege helsevesenet sitt. I ei gallupundersøking for ikkje lenge sidan svarte to tredelar av dei spurde at dei såg på The National Health Service (NHS) som landets største bragd. Ein laurdag for fire–fem veker sidan marsjerte tusenvis av engelskmenn gjennom gatene i London for å feire 70-årsdagen til landets nasjonale helseteneste med krav om meir pengar til denne institusjonen.
NHS vart innført i England av Clement Attlees Labour-regjering 4. juli 1948 med helseminister Aneurin Bevan som arkitekt – eit ikkje lite modig prosjekt etter ein verdskrig som hadde utarma landet. Behandling skulle nå avgjerast etter medisinske behov, ikkje etter betalingsevne. Til da hadde fattige halde seg unna helsevesenet sidan dei ikkje kunne betale.
Mangt har endra seg gjennom desse 70 åra. Folketalet i England har vakse frå 50 millionar i 1948 til 66 millionar i dag, og med ein eldre populasjon har sjølvsagt presset på NHS auka. Ved innføringa av den nasjonale helselova var forventa levetid for menn 66 og for kvinner 70 år. I dag er talet for menn 79 og for kvinner 83 år. Som i andre vestlege land var infeksjonssjukdomar som tuberkulose og lungebetennelse vanlege dødsårsaker fram til 1940-talet, og det var særleg unge som vart råka. I dag er dei mest vanlege dødsårsakene kreft og hjarte- og karsjukdomar hos eldre.
Reforma har kosta langt meir enn ein trudde, og har auka monaleg gjennom dei seinare åra. Medan utgiftene det første året var 3,5 prosent av bruttonasjonalproduktet, var prosenten 6,8 i 1999 og 9,7 i 2016.
NHS tok over 2751 av landets 3000 sjukehus som hadde vore drivne av humanitære stiftingar og lokale styresmakter. Det var om lag 12.000 fulltidsstillingar for legar og tannlegar i England og Wales i 1948. I dag er det bortimot 110.000 berre i England. Knapt 90.000 sjukepleiarar var i full jobb i 1962, i dag er det over 285.000.
Men sengetalet i sjukehus har gått dramatisk ned, særleg i psykiatrien. Det tok til i 1960-åra og akselererte i 80-åra, frå eit sengetal på 150.000 til under 10.000 dei seinare åra. Men sengetalet innanfor den somatiske medisinen har òg gått ned, ikkje minst fordi liggjetida i sjukehus etter operasjonar er blitt drastisk nedskoren, og langt fleire enn før får nå etterbehandling heime hos seg sjølve.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.