JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Dyrevernalliansen
øydelegg for kyllingen

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Faksimile frå VG HELG 24. februar 2018

Faksimile frå VG HELG 24. februar 2018

2777
20180302
2777
20180302

Fjørfe

«Liten fugl tvinger fram store endringer», skriv fagleg leiar i Dyrevernalliansen Marianne Kulø i Dag og Tid 23. februar, og meiner eg gjer det beste til det godes fiende når eg ikkje jublar for Norsk Kylling og Rema1000 sin nye kylllinghybrid Hubbard JA787. Eg held likevel fast på at endringane ikkje er særleg å juble for.

«Med Rema1000s nye rase Hubbard JA787 er monsterkyllingmonopolet brutt i norsk landbruk», skriv Kulø. Med «monsterkylling» meiner ho Ross308, hybriden som heilt riktig dominerer konvensjonell kyllingproduksjon i Noreg og resten av verda.

Men monopolet har då verkeleg vore utfordra av andre hybridar: Både den sakteveksande Rowan308 (som Dyrevernalliansen i 2014 omtala som «halvveis monster») og Homlagardens Hubbard-hybrid er døme på at dette har vore forsøkt før. Skilnaden denne gongen er at Norsk Kylling, Rema 1000 og Dyrevernalliansen vil gå endå kortare i å gje kyllingen eit verdig liv og eit berekraftig fôrgrunnlag enn desse økologiske forsøka har gjort.

For tida driv Norsk Kylling (via merkevara Solvinge) ein storstila reklamekampanje for det dei kallar Norsk Hubbard. Hubbard JA787 er verken norsk eller Rema1000 sin – han er, som eg skreiv i Dag og Tid 16. februar, utvikla og eigd av Group Grimaud, som altså igjen er eigd av Ross308-eigar Aviagen.

I annonsen ser bonden så triveleg ut, der han sit med ein einsleg kylling i handa, at Solvinge får seg til å skrive «Hubbard har det faktisk ganske gøy på landet. Fordi den får lov å utfolde seg som en kylling i det fri ville gjort».

Eg tør påstå ein liten røyndomssjekk er på sin plass: Hubbard JA787 har inga aning om at han er på landet. Han er i ein lagerhall med kunstig lys og ventilasjon. Ja, det er nokre halmballar og leikestativ der, men dei er lysår unna aktivitetsnivået kyllingen ville hatt, om han hadde levd i den ekte naturen – den som går føre seg utandørs.

Kulø meiner vi må klare å støtte Rema samtidig som vi kritiserer industrien. Vel, det er ganske mange kamelsvelg mellom å støtte og det Dyrevernalliansen held på med. Gjennom å så til dei grader lovprise ein industriell inneproduksjon, er det klart at Dyrevernalliansen gjer det vanskelegare å lansere verkeleg dyrevenlege alternativ. Kvifor skal vi sleppe kyllingen ut og la han finne maten sin sjølv, når industrien alt gjer alt så bra inne?

Det er fint at Dyrevernalliansen brukar tida si på andre ting enn å seie at alle burde vere vegetarianarar. Men i staden for å støtte ei næring som verkar mot prinsipp for ein berekraftig matproduksjon og god dyrevelferd, burde organisasjonen jobbe for å fremme produksjonsdyr som får utøve si naturlege åtferd – som til dømes utegris og sau.

Siri Helle er agronom og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Beth Gibbons har henta mykje frå eige liv i arbeidet med det nye albumet.

Foto: Netti Habel

MusikkMeldingar

Det som finst, her og no

Beth Gibbons gir ut si første soloplate med eigenkomponerte songar.

Øyvind Vågnes

Foto: Vibeke Ekeland Grønn

Frå sjakkverdaKunnskap
Atle Grønn

«For nokre månader sidan fekk eg eit anonymt tips i posthylla på jobben»

Skodespelarane Joseph Engel (Bastien) og Sara Montpetit (Chloé) i regidebuten til Charlotte Le Bon.

Foto: Cinemateket

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Søte sommarskrømt

Falcon Lake er ein ven og var knalldebut frå Quebec.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis