Litteratur
Duun åtvara mot psykopaten
Olav Duun.
Foto via Wikimedia Commons
Olav Duun (1876–1939) skreiv romanen Carolus Magnus i 1928, også det ei tid med mykje uro. Det er Carolus Magnus som er hovudpersonen i boka, og alt frå han var liten, kjente Carolus at han var noko for seg sjølv. Som barn var han eit mobbeoffer, men var skoleflink, fekk toppkarakter på gymnaset og utmerkte seg også på teologistudiet.
I studietida får Carolus eit forhold til ei enke med to barn, Marta. Når ho blir gravid, får Carolus henne til å reise til Danmark, der ho døyr like etter fødselen, og barnet blir sett bort. Carolus er til stades når ho døyr, men er uhyggeleg kald, heilt utan empati.
Carolus blir seinare gift med Helena, søster til kameraten Erik, men utan at ho veit at han har eit barn frå før. Dei slår seg ned i heimbygda til Carolus, der han set i gang eit stort prosjekt for å etablere ein eigen skole. Carolus er svært sjølvopptatt, han har ingen sans for humor, og ingen ting må komme i vegen for han. Dersom han risikerer ein flekk på omdømmet sitt, tek han ingen omsyn.
Han er redd at Erik skal fortelje om forhistoria hans, noko som fører til at han gjer eit mislykka drapsforsøk på kameraten, utan at nokon oppdagar kva han har prøvd på. Han lyg der det tener han, han har ein parasittisk livsstil, blant anna låner han pengar frå alle, men betaler aldri noko tilbake.
Han er manipulerande og utnyttar folk omkring seg til sin eigen fordel. Han angrar aldri. Men han kan vere sjarmerande og er flink til å overtale folk, og til slutt får han med bygdefolket til å betale for skolen. Etter kvart mister han meir og meir kontakt med den verkelege verda. Når skolen skal ha stor opning og han skal tale, presenterer Carolus seg som den nye Luther. Det er tydeleg at han er sinnssjuk og psykotisk.
Her presenterer Duun ein person med alvorlege mentale avvik. Ein reknar med at omtrent 0,5–1 prosent av befolkninga tilfredsstiller kriteria for psykopati. (Psykopati er ikkje ein eigen diagnose, men ei undergruppe av dyssosial og antisosial personlegdomsforstyrring, men til vårt bruk her er omgrepet nyttig.)
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.