JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2408
20170929
2408
20170929

ISLAM OG VESTEN

Takk på nytt til Terje Tvedt, denne gongen for ei skildring av korleis norske kyrkjeleiarar har møtt islamske leiarar i Noreg dei siste ti-åra. Der våre folk har hatt ei sterk tru på dialog mellom kristendom og islam.

Slike møte på topp-plan er gjerne prega av vakre ord, godvilje og harmoni. Meir som i ei forlovingstid eller i eit rollespel. Men er det likeverdige partar som møtest? Me sit på kontaktar med styresmaktene og deira pengar, og me har kunnskap om vårt land og folk og våre tradisjonar. Dei bankar på døra og vil gjerne inn.

Slik sett er det eit møte mellom fattig og rik. Me er på vår heimebane. Dei som kjem utanfrå sin styrke ligg i å fortelja oss det me ynskjer å høyra.

Sjølv har eg teke del i fleire slike asymmetriske møte, i saker som gjeld utviklingshjelp, mellom gjevar og mottakar. Ofte vil då mottakaren framstilla seg som offer og hjelpetrengjande og svak. Stundom vert det då meir som eit rituale; - mottakaren av hjelp veit kva me, eit steinrik donor, ynskjer å høyra. Nokre gonger har eg då stilt eit motspørsmål: «Meiner du verkeleg det du har fortalt oss?»

Nokre gonger har svaret vore: «Nei, sjølvsagt ikkje!» - Då er isen broten og møtet kan då ta ei positiv vending. Me kan då diskutera dei verkelege problema. Ofte gjeld det korrupsjon, vanstyre og skeiv prioritering. Det kan gjelda misunning når våre pengar skal delast ut. Til dømes når me betalar våre lokalt tilsette løner som ligg himmelhøgt over vanleg lønsnivå på staden.

I nokre periodar underviste eg i skogbruk ved Makerere University i Uganda. Der tok eg også opp eit tema som fengde ei heil studentgruppe: Korrupsjon. Det vart lange diskusjonar mellom engasjerte studentar, også om pengar og dei rike si makt. Ein student skreiv då: «When a poor man sees money for the first time in his life ….» Kva ville då skje? Jau, då ville den fattige gjera alt han kunne for å innynda seg hjå den rike, endåtil hogga ned freda tre.

Eg trur at våre kyrkjeleiarar har hatt for svak evne til å stilla kritiske motspørsmål i sin dialog med islamske leiarar, og til å forstå deira bakgrunn. Me får då lett ein liksom-dialog, der begge partar let seg forføra og vert fanga av sin eigen retorikk.

Eller me kan få, i møta mellom Islam og Vesten, eit innslag av dobbelttale, - eit tema som Walid al’Kubaisi tok opp på Skjervheimseminaret i 2002.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Beth Gibbons har henta mykje frå eige liv i arbeidet med det nye albumet.

Foto: Netti Habel

MusikkMeldingar

Det som finst, her og no

Beth Gibbons gir ut si første soloplate med eigenkomponerte songar.

Øyvind Vågnes

Foto: Vibeke Ekeland Grønn

Frå sjakkverdaKunnskap
Atle Grønn

«For nokre månader sidan fekk eg eit anonymt tips i posthylla på jobben»

Skodespelarane Joseph Engel (Bastien) og Sara Montpetit (Chloé) i regidebuten til Charlotte Le Bon.

Foto: Cinemateket

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Søte sommarskrømt

Falcon Lake er ein ven og var knalldebut frå Quebec.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis