Det nye profesjons- og arbeidslivsretta universitetet

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

I leiaren sin førre veke skreiv Svein Gjerdåker at me har mange nok universitet i landet, og at profesjonsfaga tener på at me held fram med å vera høgskular. Men det er nettopp for å styrka det profesjonsfaglege og det arbeidslivsretta at me bygger det nye universitetet.

Me deler leiarens perspektiv på at høgare utdanningsinstitusjonar må ta i vare samfunnsmandatet på beste vis. Men nett difor arbeider Høgskulen på Vestlandet fram det nye Universitetet på Vestlandet. For å verta eit universitet må me styrka kvaliteten på alle dei tre kjerneoppgåvene våre: utdanning, forsking og samspel med samfunnet rundt oss.

Gjerdåker verkar å sjå føre seg at me som framtidig universitet ønsker å bli ein type elfenbeinstårn, eit universitet frikopla frå samfunnet rundt oss, fjernt frå dei jordnære, praktiske profesjonane me utdannar til, slik som sjukepleiar og lærar. Men ei viktig drivkraft for universitetsambisjonen vår er å vera eit samarbeidande, samskapande universitet, djupt engasjert i arbeidsliv og samfunn. Me kombinerer praktisk orientering med vitskapeleg kunnskap og er aktive på regionale, nasjonale og internasjonale arenaer. Slik vert utdanningane forskingsbaserte, oppdaterte og relevante, slik siktar me mot å utvikla den aller beste utdanninga for studentane våre.

Det nye universitetet skapar kunnskap i tett samarbeid med ulike aktørar. Me samarbeider nært med fylkeskommune, kommunar og helseføretak, og småe og store private og offentlege verksemder. Slik vidarefører og styrkar me det beste i høgskuletradisjonen, men me koplar det med forsterka krav til vitskapelege arbeidsformer. Universitetssatsinga inneber ei vesentleg styrking av forskingsaktiviteten, men også denne er nært kopla til samfunnet rundt oss.

Som døme kan me nemna eit av forskingsprosjekta våre, Teknoløft. Prosjektet spring ut av erkjente behov i det gamle Sogn og Fjordane: å gje næringslivet i regionen eit sårt tiltrengt løft innan områda digitalisering og automatisering.

Førre veke såg me eit konkret resultat frå prosjektet: opninga av RoboVest, eit testanlegg på Leikanger der forskarar og bønder skal arbeida i lag for å utvikla framtidas frukt- og bærnæring. På anlegget vil dei utvikla teknologi som kan styrka landbruket i Sogn og gi ringverknader for næringslivet elles også. Bachelorstudentar innan automatikk var med på å programmera ein forskingsrobot. Dette er heilt typisk for studentane våre: Dei kjem tett på arbeidslivet alt under studiane, både ved studiar i praksis, i teoretisk skulering og i oppgåvearbeid.

Den arbeidslivsretta måten å forska på er typisk for det nye universitetet. Dei same arbeidsmåtane pregar forskinga innan helse- og sosialvitskap og lærarutdanninga. Blant forskingsprosjekt innanfor desse felta kan me nemna eit som skal bruka metodar frå dramaundervisning til å hjelpa framtidige lærarar med å utvikla styringa av klasserommet. Innanfor helse- og sosialvitskap har me END, eit forskingsprosjektet som er i ferd med å endra måtane helsevesenet møter etterlatne på etter narkotikarelatert død.

Heilt til slutt, merk gjerne dette: I 2022 tilbyr Høgskulen på Vestlandet 44 bachelorutdanningar, 36 masterutdanningar og 5 ph.d.-program. I internasjonal samanheng står me slik i form og innhald alt fram som eit fullrigga universitet.