Den gordiske knuten i norskfagetSkuleTore I høve revideringa av læreplanane går det føre seg eit omfattande ordskifte om innhaldet i norskfaget. Eg vil no ta føre med det eg meiner er nokre utfordringar som må løysast viss norskfaget skal bli eit funksjone

Publisert

I høve revideringa av læreplanane går det føre seg eit omfattande ordskifte om innhaldet i norskfaget. Eg vil no ta føre med det eg meiner er nokre utfordringar som må løysast viss norskfaget skal bli eit funksjonelt fag. Eg tek her primært utgangspunkt i studiespesialiserande på vidaregåande.

Den verkelege gordiske knuten i norskfaget er mishøvet mellom læreplanen og den faglege bakgrunnen til dei fleste norsklærarar. I 2006 blei norskfaget revidert ganske kraftig. Det nye som kom inn i faget, var mellom anna det utvida tekstomgrepet. Det munnlege i faget blei meir framheva, som eit eige programområde, og teksttypar har etter kvart erstatta sjangrar. Når eg tenker attende på nordiskfaget (heretter norsk) i mi eiga studietid, er det mykje eg kan seie eg ikkje lærte nok(o) om: teksttypane elevane skulle skrive, film, samansette tekstar, det munnlege i faget, fleire andre læreplanmål og korleis ein skal setje karakterar. Ein grunntanke i norsk lærarutdanning er at læraren skal vera fagleg kompetent i det faget han underviser i. Det er eg ikkje, trass i at eg tok den lengste utdanninga staten tilbaud for å bli norsklærar. Så kan ein så klart seie at faget endrar seg, og at lærarar også må oppdatere kunnskapen sin. Men eg underviser også i religion og etikk og historie. Og der er faga mykje meir «stabile» enn norskfaget.

Er løysinga då å gå attende til det «gamle» norskfaget? Nei! Til deg som les dette og har mange tankar om «kanon» i norskfaget og kva for tekstar elevane «bør» lese: For dei aller fleste elevar er det store fleirtalet av eldre tekstar vanskeleg tilgjengelege, uinteressante og beint fram keisame. Den tida då elevane sat som ljos med age og takksemd for at dei fekk ta del i dei heilage daningsskriftene, er over for lenge sidan.

Løysinga er det som er den eigentlege bodskapen min. Nokon må syte for at det er samsvar mellom skulefaget norsk og universitets-/høgskulefaget. Ein treng ein debatt som definerer norskfaget tydeleg. Og viss det «utvida tekstomgrepet» er det som skal vere tekstbakgrunnen i norskfaget, må dei som vert utdanna til norsklærarar, lære om det. Eg vonar eg sparkar inn opne dører med dette innlegget, men eg trur ikkje det.

Min påstand er at viss ein verkeleg går inn i alt som vert venta at ein norsklærar skal kunne, frå webdesign og skriveopplæring til norrøn filologi, filmteori etc., vil ein finne ut at det er uråd å gje skikkeleg fagleg bakgrunn til alt. Med tanke på det omfattande timetalet i den vidaregåande skulen og ungdomsskulen er det uråd at ei årseining skal «dekke» alt, medan det i andre fag kan gjere det. Ein må debattere kva som er ei rimeleg forventning til ein norsklærar fagleg.

Noko anna eg vil peike på, er at litteraturhistorie som ei oversikt over forfattarskapar og bøker skrivne frå norrøn tid til i dag, ikkje høyrer heime i eit norskfag. Lite er vel meir utmødande for elevar å lese om enn eit hundretal forfattarskapar med tilhøyrande bøker. For meg som har lese dei fleste bøkene det står om, er det lett å sjå at framstillinga ikkje kan blir sakssvarande. For elevane, som ikkje har lese bøker av forfattarane, er det utruleg teoretisk. Det må skrivast eksplisitt ein stad at lærebøker i norsk ikkje skal innehalde slikt. I staden bør det stå om korleis litteratur påverkar, og litt om dei viktigaste periodane.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement