JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2689
20170922
2689
20170922

BREXIT

Debatten i Storbritannia om brexit har tatt ei ny vending i sommar. Frå å ville løyse på banda til EU nærast over natta, er det no fleire som tek til orde for ein mjukare brexit, i alle fall som ei overgangsordning. I ein innsiktsfull artikkel 15. september diskuterer Dag og Tids Eva Aaberg Undheim om EFTA-medlemskap kan bli ei førebels løysing for britane på veg ut av EU.

Det er viktig å skilje mellom EFTA-medlemskap og EØS. Det er fullt muleg å bli med i EFTA, utan å bli med i EØS-avtalen, slik som Sveits. Alpelandet har ordna sitt tilhøve til EU gjennom ei lang rekkje bilaterale avtalar. Storbritannia kunne lage sin eigen frihandelsavtale med EU. Dermed ville det ikkje vere EFTA-medlemskapen som ordnar britane sitt tilhøve til EU. Men EFTA vil gje britane tilgang til EFTAs frihandelsavtalar med land utanfor EU. Sjølv om dei vil måtte forhandle om justeringar med kvar av partane, vil det mest truleg vere enklare enn å starte heilt nye tingingar.

Det vil også gjere EFTA til ein meir attraktiv handelspartnar i nye forhandlingar. EFTA forhandlar for tida med India og fleire asiatiske land, og har nyleg starta forhandlingar med Mercosur i Latin-Amerika. Vi ønskjer i tillegg ein avtale med Japan. Britisk EFTA-medlemskap har også den fordelen at det vil regulere handelstilhøvet internt i EFTA, slik at vi unngår vanskelege forhandlingar om ein ny avtale mellom Storbritannia og Noreg.

Kva så med britisk EØS-medlemskap for å kunne bli i EUs indre marknad? Det er eit langt meir komplekst spørsmål. Fordi dette eventuelt blir sett på som ei mellombels ordning, vil britane ha eit kort perspektiv. For Noreg er EØS ei langsiktig løysing. Fordi EØS-avtalen er av vital betyding for norske bedrifter, må vi gjere alt for å unngå at avtalen blir sett i spel. Det kan eit britisk EØS-medlemskap gjere. Noreg kan ufrivillig bli ei brikke i det kompliserte spelet mellom britane og EU.

Vi i NHO har difor foreslått at britane bør ha sin eigen EØS-avtale med EU. Vår EØS-avtale kan brukast som utgangspunkt når dei skal forhandle med EU. ESA- og EFTA-domstolen kunne få i oppgåve å ettersjå den britiske avtalen. Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet (EØS) vil dermed bestå av EFTA-landa Noreg, Island og Liechtenstein som éin pilar, EU som den andre og Storbritannia som den tredje pilaren.

Britane har skapt store problem for seg sjølv med si utmelding. I desse urolege tider er det viktigare enn nokon gong med internasjonalt samarbeid og stabile internasjonale organisasjonar. Noreg må difor samarbeide tett med EU og verne om EØS-avtalen.

Tore Myhre er avdelingsdirektør i NHO.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Beth Gibbons har henta mykje frå eige liv i arbeidet med det nye albumet.

Foto: Netti Habel

MusikkMeldingar

Det som finst, her og no

Beth Gibbons gir ut si første soloplate med eigenkomponerte songar.

Øyvind Vågnes

Foto: Vibeke Ekeland Grønn

Frå sjakkverdaKunnskap
Atle Grønn

«For nokre månader sidan fekk eg eit anonymt tips i posthylla på jobben»

Skodespelarane Joseph Engel (Bastien) og Sara Montpetit (Chloé) i regidebuten til Charlotte Le Bon.

Foto: Cinemateket

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Søte sommarskrømt

Falcon Lake er ein ven og var knalldebut frå Quebec.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis