JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3194
20170818
3194
20170818

INNVANDRING

I Dag og Tid 11. august har Per Steinar Runde ein merknad til det eg skreiv om verdidebatten i Dag og Tid veka før. Runde skriv: «Sørbø går også langt i å frådøme folk som er skeptiske til islam og innvandring, ekte sans for kristen kultur». Poenget i min kommentar var at innvandringsmotstandarane ikkje utan vidare kan ta på seg rolla som vernar av norske eller kristne verdiar, og så å seia ta Meisteren til inntekt for sitt syn når dei vil stengja grensene. Eg har eit par merknader til Runde.

Først: Det å ta ideane om kristen nestekjærleik alvorleg, tyder ikkje at ein skal ha fri innvandring. Innvandringskritikarane framstiller det ofte som at berre dei vil avgrensa innvandringane, medan alle politiske parti – kanskje unntatt Frp – vil opna grensene. Dette er rett og slett ikkje sant. Det er brei semje om ein restriktiv politikk, og det er heilt minimale skilnader på dei store partia på dette punktet. Eg trur heller ikkje at vi kan ta imot altfor mange flyktningar, det vil ikkje hjelpa verken dei eller oss. Men dette er eit smerteleg etisk kompromiss, ikkje eit uttrykk for at vi forsvarer «kristne verdiar». Innvandringsskeptikarane lever høgt på førestillinga om at norsk innvandringspolitikk er svært liberal, medan realitetane er at den er restriktiv, og vil bli det uansett regjering.

For det andre: Vi må kunna føra ein balansert innvandringspolitikk utan å demonisera dei som vil koma hit. I innlegget til Runde skjer det ei glidning frå det å argumentere for ein restriktiv politikk, til svært unyanserte karakteristikkar av store grupper. Innvandrarane (dei muslimske) toppar all kriminalstatistikk, fyller fengsla og er overrepresentert ved alle krisesenter, hevdar Runde. Dette er ein type generalisering som nærmar seg hets, og dersom det skal forklarast med islam, blir det ei farleg ein-faktorsforklaring. Det stemmer at det finst kriminalitet der innvandrargrupper er overrepresenterte, men det gjeld ikkje all kriminalitet og ikkje alle innvandrarar. Og det kan ikkje sjåast isolert verken frå landet dei kjem frå eller miljøet dei lever i her. Og den store majoriteten av muslimske innvandrarar er lovlydige.

For det tredje: Det er viktig med ein sakleg diskusjon og kritikk av islam. Men generaliseringar som dei Runde leverer her, gjer det vanskeleg å få til. Ein må skilja mellom islam og islamisme. I islam er det problematiske element, knytt til forbod med konvertering og kvinners rolle, og dei bør diskuterast. I islamismen, som dei fleste muslimar forkastar, finst ein totalitær, fascistisk ideologi som låner omgrep og argument frå islam, men som muslimar flest er redde for. I England nekta til dømes imamane å gravleggja terroristane for å markera denne skilnaden.

Listhaug har i det siste teke til orde for å stoppa hatpredikantane, med det eineståande argumentet at ytringsfridomen gjeld først og fremst for oss. Skal vi greia å tenkja klårt og handla rett i desse sakene, treng vi ikkje hatpredikantar frå nokon av sidene, og Listhaug står sjølv i fare for å bli landets fremste hatpredikant. Dersom Runde generaliserer og gjer alle muslimar til brotsmenn, går han i same fella.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Myndigheten för psykologisk försvar set drapet på to svenske fotballsupporterar i Brussel i oktober i fjor i samanband med påverknadskampanjar mot Sverige.

Foto: Martin Meissner / AP / NTB

Samfunn

Framande makter mot folkhemmet

Sverige merkar presset frå Russland, Kina og Midtausten og har sett ein statleg etat til å spore opp påverknadskampanjar. Bør Noreg gjere det same?

Christiane Jordheim Larsen

Jeffrey Wright spelar rolla som forfattaren Thelonious «Monk» Ellison.

Foto: Prime Video

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Moro for middelklassen

Den er ikkje tung på labben, American Fiction, som gjer det veldig lett å le.

KommentarSamfunn
EinarHaakaas

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis