JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Bomskot om Arktis

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1809
20170804
1809
20170804

ARKTISK LITTERATUR

Arild Pedersen melder i Dag og Tid 23. juni Hennig Howlid Wærps bok Arktisk litteratur på ein måte som ikkje kan stå uimotsagt. Det vil seia: Han har eigentleg ikkje meldt boka, men brukt spalteplassen til å kritisere det han påstår er ein arktisk ideologiproduksjon som skjer ved Universitetet i Tromsø – og kor Wærp gjennom sine forskingsprosjekt blir ein sentral aktør. For ikkje seia eit instrument.

Eg ønskjer velkomen ein sakleg diskusjon om korleis «Arktis» og/eller «Nordområda» stadig har kome sørover, mellom anna som eit resultat av politiske og økonomiske interesser. Men å påstå at Wærp gjennom si forsking eller i boka er med på «å konstruera ein eigen arktisk litteratursjanger» – slik at «Arktis skal sjåast på som noko nært eit sjølvstendig land», blir meiningslaust. Utan å argumentera for det, hevdar Pedersen at Wærp freistar å skape eit Arktis, «[o]mtrent slik norske litteraturforskarar på 1800-talet i nasjonsbyggingas teneste henta inn islandske sagaer som del av norsk litteraturhistorie». Det er ein urimeleg påstand som snur det heile på hovudet. Snarare har den forskinga Wærp har leidd i ei årrekkje, stilt spørsmål om nordmenns eiga oppfatning av Arktis, korleis områda, mellom anna gjennom litteraturen, har vorte konstruerte – og korleis slike konstruksjonar har vorte haldne i live. Dette er spørsmål som krev ei brei tilnærming, noko Wærp sjølv er tydeleg på i boka: «Hvordan forestillinger om nord og Arktis oppstår, endres og formidles i reiselitteraturen og ekspedisjonsrapporter, i dikt, musikk og romaner, i vitenskapelige foretak, i avispressen, radio og film, er slike ting humanistisk polarforskning kan bidra til å kartlegge og analysere.»

Harald Dag Jølle er historikar ved Norsk Polarinstitutt.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Beth Gibbons har henta mykje frå eige liv i arbeidet med det nye albumet.

Foto: Netti Habel

MusikkMeldingar

Det som finst, her og no

Beth Gibbons gir ut si første soloplate med eigenkomponerte songar.

Øyvind Vågnes

Foto: Vibeke Ekeland Grønn

Frå sjakkverdaKunnskap
Atle Grønn

«For nokre månader sidan fekk eg eit anonymt tips i posthylla på jobben»

Skodespelarane Joseph Engel (Bastien) og Sara Montpetit (Chloé) i regidebuten til Charlotte Le Bon.

Foto: Cinemateket

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Søte sommarskrømt

Falcon Lake er ein ven og var knalldebut frå Quebec.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis