At Hauk Buen var ein stor felespelar, er eg heilt einig med Hallvard Bjørgum i. Og at solospel er viktig både på fele og på hardingfele, er heilt sjølvsagt. Når det kjem til årsmøtet i Landslaget for spelemenn (Lfs) i 1986, står det noko i Bjørgum sin artikkel i Dag og Tid nr. 26 som ikkje er riktig.
Han skriv om bakgrunnen til stiftinga av NFD: «Om årsmøtet i Landslaget for spelemenn hadde imøtekome opposisjonen frå ’dei med Lfs sine grunnverdiar i framsetet’, så hadde ikkje dette laget vore naudsynt. Men slik stoda vart, med så pressa tilhøve for det genuine, solistprega, på landsomfattande tilstellingar, vart det resultatet.»
Det vart ikkje gjort noko vedtak på det omtala årsmøtet som hadde brodd mot det Bjørgum omtalar som det genuine. Noko slikt framlegg var ikkje oppe til avrøysting. Eg har sett dette argumentet før, og det blir ikkje betre fordi om det blir gjenteke. Men det får meg til å lure på om det er ei usanning som florerer i visse krinsar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.