I Dag og Tid 21. oktober skriv Per Anders Todal om korleis det var å bli utsett for BankID-svindel etter eit phishing-åtak. Som ein advokatfullmektig som hjelper svindelutsette, må eg seie at Todals artikkel gir eit godt bilete av utfordringane ein møter. Rettstilstanden i dag er nettopp slik at den svindelutsette må vere snar med å varsle banken, melde saka til politiet og innhente informasjon om korleis svindelen kunne gå til. Berre slik kan ein bygge ei god sak viss banken ikkje vil tilbakebetale pengane.
I altfor mange saker skylder bankane på at kunden ikkje har retta eit eige krav om tilbakebetaling, dei har berre varsla om at dei har vorte svindla. Sjølv om folk flest tenkjer at eit varsel om svindel også er eit krav om å få pengane tilbake, er jussen uklar på akkurat dette punktet. Bankane påstår også ofte at tilbakebetalingskravet, når det først kjem, er retta for seint. I saker som strekker seg over tid, kan dei også meine at tilbakebetalingskravet er forelda. Dette skapar vanskar når saka skal behandlast rettsleg.
Dei særleg kompliserte sakene omhandlar svindel med kredittkort, der nokon stiftar gjeld i ein annan persons namn ved å bruke kortet i strid med lova. Svindelen blir da oftast oppdaga når banken sender den svindelutsette ein faktura på gjelda som er tatt opp. Det verkar lite logisk at ein skal måtte be om at banken fører tilbake pengar når dei samstundes krev innbetalt ei gjeld. Difor blir det i mange av desse sakene aldri retta eit tilbakebetalingskrav. Da seier banken at dei heller ikkje har ei plikt til å slette gjelda, sidan det aldri blei retta eit krav om tilbakebetaling – sjølv om kunden har sagt at han ikkje har tatt opp gjelda.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.