Retting

Aldri for silde

Publisert

Takk til alle som las intervjuet med Herborg Kråkevik og gjorde meg merksam på at silde, som eg skreiv tydde tidleg, sjølvsagt tyder seint. Songen «Jeg lagde meg så silde alt sent om en kveld» tyder altså «eg la meg så seint, alt seint ein kveld».

Det eg set pris på med alle dei som korrigerte, var tonen i e-breva. Frå før er eg van med at folk skriv er det mogleg eller lærer dei ingenting på journalistakademiet lenger, men Dag og Tid-lesarane er av eit anna slag. Håvard, til dømes, skreiv: «Silde betyr seint, ikkje tidleg (årle er motsetnaden til silde...). Vonar du ikkje tek det ille opp.» Mens Audun refererte til salmen «Jeg råde vil alle i ungdommens dage». Der står desse linjene: «Ja, dagen er omme og natten mon komme. Da er det for silde at tenke sig om.» Det er ei mager trøyst, som han skreiv.

Men det er altså aldri for silde å lære seg noko nytt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement