Integrering
Den krevjande reguleringa
Lenge var regjeringa usikker på om dei kunne
stramme inn på reglane for flytting for
flyktningar. Førre fredag fekk ho grønt lys.
Førre veke varsla regjeringa at dei ville stramme inn på høvet for flyktningar til å flytte mellom kommunar utan å miste økonomiske fordelar. Men det er vanskeleg å regulere. Her er statsminister Jonas Gahr Støre i spørjetimen på Stortinget den 15. april.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Grunnlova og internasjonale traktatar gir alle innbyggarar rørslefridom. Noreg har òg ansvar for å gi flyktningar grunnleggande sosiale tenester, slik at dei skal klare seg. Likevel har regjeringa no varsla at ho vil stramme inn høvet flyktningar har til å flytte på seg dei første åra i Noreg utan at det får økonomiske konsekvensar.
– Det viser seg at staten har eit stort handlingsrom for å stramme inn, fortel Marius Emberland, professor i jus ved Handelshøyskolen BI.
Han har fått i oppdrag av arbeids- og inkluderingsdepartementet å undersøke i kva grad regjeringa faktisk har høve til å stramme inn
regelverket. Rapporten hans kom førre fredag, same dagen som regjeringa varsla at dei ville stramme inn.
– Dette er eit vanskeleg område: I utgangspunktet har alle innbyggarar rørslefridom, og når vi legg grenser for korleis ei rettsleg gruppe, slik som flyktningar, kan flytte på seg. Ser vi til utlandet, til dømes Nederland, finn vi døme på at Den europeiske menneskerettsdomstolen har stadfesta at styresmaktene kan nekte flyktningar å flytte til område som alt er sosialt belasta.
– Erlend Wiborg i Framstegspartiet hevda regjeringa i ei årrekke har nytta menneskerettar som argument mot å gjere noko med situasjonen. Har ikkje embetsverket hatt god nok oversikt over handlingsrommet?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.