Vinter-eliksir
Yo La Tengo gjer sin eigen vri på protestalbumet.
Medlemmene i trioen Yo La Tengo er Georgia Hubley, James McNew og Ira Kaplan.
Foto: Godlis
Kan musikk tine opp ein forfrosen kropp? Ja, min santen, for eg har rusla rundt bydelsvatnet i eit arktisk Bergen og sett snødrevet gjennom kupévindauget på Bergensbanen nattestid med Yo La Tengos nye album på øyra – dropar av lyd har spreidd seg som varme.
Det har vorte ein vane med ein dagleg dose med songen «For You Too», eit av mange høgdepunkt på nye There’s a Riot Goin’ On. Men vent litt, kva er det for ein platetittel?
Jau, du har høyrt han før, for Sly and the Family Stone gav ut det harmdirrande, funky protestalbumet There’s a Riot Goin’ On alt i 1971. Kva for protest skal desse mjuke, ulne songane til Yo La Tengo utføre?
Opprør
Viktige røyster i populærmusikken har alltid orientert seg mot, og stått i relasjon til, det politiske, og særleg i turbulente tider. Rocken er i sitt opphav uløyseleg knytt til sosialt og kulturelt opprør, til antikonformitet og antiautoritet. Ein har sparka frå seg og samla seg i motstand gjennom å samle seg om songen.
I ei pressemelding seier bandet at USA har nådd eit brestepunkt. Slik kjendest det også tidleg på 1970-talet, då There’s a Riot Goin’ On kom ut, men protesten til Yo La Tengo har eit anna estetisk tilsvar. Ein pulserande, mjuk instrumental opnar albumet og leier deg inn i eit musikalsk landskap som er forsonande. Det dreier seg ikkje om eskapisme, akkurat, eller om ei fornekting av sinne og fortviling. Snarare lagar trioen Ira Kaplan, Georgia Hubley og James McNew ein musikk for det som er gryande, for håpet, for det lågmælte, men insisterande omsynet til den andre. Det dreier seg om å mobilisere, men berre om ein tenkjer at det politiske utspelar seg i kvardagen, i møtet mellom deg og meg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.