Varmen frå solstrålane
Forventningane er store til Arlo Parks’ debutplate.
Arlo Parks er artistnamnet til Anaïs Oluwatoyin Estelle Marinho.
Pressefoto
Solstrålane varmar alt i dei første linjene på «Collapsed in Sunbeams», det opnande tittelsporet på debutalbumet til Arlo Parks, eit knapt minutt med poesi som leier oss inn i nøkkelsporet «Hurt». Tonen er sett. Musikken er bada i varme, honningsøte tonar, orda rommar ein dempa nostalgi, og vi er på veg inn i ei rekkje augneblinkar, stemningar og menneskeskildringar frå gryande vaksenliv i storbyen.
Arlo Parks heiter eigentleg Anais Oluwatoyin Estelle Marinho, er 20 år gammal og halvt nigeriansk, ein kvart frå Tsjad og ein kvart frå Frankrike. Ho har mor frå Paris – ho lærte seg fransk før ho lærte seg engelsk – og er vaksen opp i Hammersmith, i Sørvest-London. I omtalen av seg sjølv på Spotify-profilen er Parks den mørke jenta som ikkje kunne danse, lytta for mykje til emomusikk, og vart forelska i ei eller anna jente i klassen.
Inspirasjon
Det poetiske anslaget på den første plata hennar overraskar ikkje for den som også les biografien frå plateselskapet. Parks er like inspirert av litteraturen som av songen og nemner forfattarar som Sylvia Plath og Haruki Murakami som viktige. Likevel er det særleg diktet som har forma henne som songpoet – referansane strekkjer seg frå beatpoesien og fram mot moderne poetar som Nayyirah Waheed, Hanif Abdurraqib og Iain S. Thomas.
Parks sjølv har også ordet i si makt. Ho får til mykje i løpet av nokre strofer, som den treffsikre karakterskildringa i «Hurt», der vi møter Charlie, ein ung mann med eit hjarte så mjukt at det gjer vondt når det slår, på veg i feil retning her i livet. At låtskrivaren Parks også er ein god observatør og kan trekkje ut noko stort av slikt ein ser når ein ventar på bussen ein dag, viser scenen som utfaldar seg i «Caroline», der ein krangel mellom eit par eskalerer for open scene. Og så er det kjærleiken som kjem og går i «Green Eyes», men som etterlèt seg ein glød som har fått leve vidare i songen.
Mjuk soul
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.