Uvanleg intim

KONSERT
Me kjenner Ludwig van Beethovens (1770–1827) alvorsame blikk frå portretta hans. Men konserten med musikarar frå Harmonien i Universitetsaulaen i Bergen onsdag synte komponisten frå ei anna side, med skjemtefulle ariar om det å kyssa er synd eller ikkje, og kva ein (heilt konkret) lyt gjera om skoen trykkjer.
Atmosfæren under konserten var uvanleg intim. Stolane stod langt frå kvarande på grunn av smittefaren, talet på publikummarar var difor ikkje stort høgare enn musikartalet. Dette, i kombinasjon med den gladlynte nederlandske dirigenten Jan Willem de Vriend, som kom med artige Beethoven-anekdotar mellom nummera, gav kjensla av å vera på huskonsert.
At orkesteret stundom spelte litt teknisk ruskete, særleg i satsane med roleg innleiing, berre forsterka denne kjensla. Best var framføringa av det einaste store stykket på programmet, Symfoni nr. 1 i C-dur, op. 21 – sjeldan har eg høyrt den rasande kvikke sistesatsen bli spelt med større humør.