Utsyn frå plaststolen

Ingen er som Jim White.

Den markante trubaduren og forteljaren Jim White er tilbake.
Den markante trubaduren og forteljaren Jim White er tilbake.
Publisert

Der sit han i plaststolen med gitaren i fanget, Jim White, framfor ein forsarva metallvegg utsmykka med frelsaren sjølv.

Posituren på pressefotoet som følgjer Waffles, Triangles & Jesus ber bod om at den markante trubaduren og forteljaren White er tilbake, og det i eit landskap vi kjenner frå sentrale utgivingar som Wrong-Eyed Jesus (1997) og No Such Place (2001), og filmen Searching For The Wrong-Eyed Jesus (Andrew Douglas, 2003).

Opningssongen – medrivande «Drift Away» – stadfestar inntrykket alt etter nokre sekund. White syng slik han gjer på sitt beste, smått kviskrande, som om vi må lene oss litt nærare og lytte litt betre, fordi det han skal dele med oss, er farleg. Banjoen er der, men også ein rik lydproduksjon som gjer låtuniverset kontrastrikt og gir det meir å spele på.

Eksentrikar

White er ein av desse umistelege eksentrikarane som aldri har vorte heilt strigla av ein kommersialisert musikkindustri – heller ikkje no, i ein alder av 60 år, prøver han å tilpasse seg nemneverdig. Biografien har gjort han til ein kultfigur. For om berre halvparten av det som vert fortalt, stemmer, er det eksotisk nok: Fyren har arbeidd som surfar, fotomodell og komikar, for å nemne noko. Éi tid gjekk han på filmskule i New York, der han også i ei årrekkje køyrde drosje.

Du opplever mangt bak rattet i ein gul taxi i den byen, og White skriv for tida på ei bok om noko av det. Eit par tekstar frå dette arbeidet har vorte publisert, og ein av dei fekk han ein Pushcart-pris for.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement