Under månen i kveld

Matt Sweeney og Bonnie ’Prince’ Billy følgjer opp albumet dei gav ut saman for seksten år sidan.

Bonnie ‘Prince’ Billy og Matt Sweeney er i ein lang kreativ prosess fram til utgjeving.
Bonnie ‘Prince’ Billy og Matt Sweeney er i ein lang kreativ prosess fram til utgjeving.
Publisert

Dei første linene i «Make Worry For Me», opningssporet på Matt Sweeney og Bonnie ‘Prince’ Billys nye album Superwolves, har noko uhyggeleg og illevarslande over seg: «When I come to your streets, make worry for me», heiter det.

Nabovarselet minner lyttaren om at songar også kan vere forteljingar om karakterar, at dei kan romme små, dramatiske univers som ligg nær fiksjonen, snarare enn sjølvbiografiske hjartesukk frå artisten. Ein sentral inspirasjon for Billy og Sweeney denne gongen har vore horrorfilmen med sine tropar og arketypar.

Arbeidsmetode

Superwolves følgjer opp duoens Superwolf (2005), og nok ein gong utfyller dei kvarandre på ein slik måte at musikken hadde vorte ein heilt annan om ikkje begge var med på å skape han og gi han form. Uttrykket vert bygd bit for bit i eit samarbeid der Billy først sender Sweeney tekst, og Sweeney så leitar seg fram til akkordrekkjer og melodiar, før dei to møtest for å syngje saman og framfører det dei har, for eit eksklusivt, lite publikum. Så følgjer det ein del fram og tilbake, til ting finn såpass form at det er klart for å spele inn, utan at den kreative prosessen er ferdig av den grunn – nye idear oppstår når opptaka er i gang.

Det går an å høyre denne arbeidsmetoden på musikken som fyller Superwolves, som har noko dynamisk over seg, der det eine fører til det andre og så det tredje. Å lage ei plate tek den tida det treng for desse karane, som gjekk i gang med å drodle på det som har blitt Superwolves for fem år sidan, sjølv om det kom til innspeling først for eit års tid sidan, i Brooklyn og i Nashville.

Oppfinnsamt gitarspel

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement