Umåteleg ornamentert

Monteverdis Mariavesper er eit kyrkjemusikalsk kompendium.

Bass-stemma til fyrsteutgåva av Claudio Monteverdis (1567–1643) «Mariavesper» i gravkapellet hans i Frari-kyrkja i Venezia.
Bass-stemma til fyrsteutgåva av Claudio Monteverdis (1567–1643) «Mariavesper» i gravkapellet hans i Frari-kyrkja i Venezia.Bass-stemma til fyrsteutgåva av Claudio Monteverdis (1567–1643) «Mariavesper» i gravkapellet hans i Frari-kyrkja i Venezia.
Publisert

Lytt til artikkelen:

CD

Den britiske musikkvitaren og Oxford-professoren Denis Arnold (1926–1986) kalla eingong Claudio Monteverdis Mariavesper (1610) for «musikkvitskapens Loreley». Samanlikninga med Loreley, den skjønne sirena som med songen sin lokka elveskipperane på Rhinen i ulukka, hadde bakgrunn i eigne røynsler: Å gje verket ut som notar var einstydande med å motta dødskysset frå musikkvitskapskollegaar, meinte han. Å framføra det var å skyta seg i foten, og å skriva om komposisjonen tydde brot med nære vener.

Minefelt

Arnolds ord er ei overdriving av beste engelske slag. Men dei har likevel noko ved seg. Verknamnet, Mariavesper, er i seg sjølv usikkert, for tittelen Vespro della Beata Vergine står berre på éi av dei mange originale stemmehefta, nemleg på den instrumentale basstemma. (Vitjar du Monteverdis grav i Venezia, står der eit notestativ med ein faksimile av tittelbladet.) Sjølve notematerialet er så sparsamt og fleirtydig at det for optimistiske dirigentar byr på eit mangfald av framføringsmåtar. For sjølvkritiske dirigentar som strevar etter ei historisk og «autentisk» framføring, er det derimot eit minefelt, for alle dei praktiske løysingane ein bestemma seg for, kan – og blir ofte – kritisert av kollegaar.

For oss lyttarar gjev kjeldeproblematikken seg utslag i at dei mange innspelingane på marknaden kan vera svært ulike. Det som særmerkjer denne innspelinga, der Jörg Halubek dirigerer Il Gusto Barocco og Stuttgarter Barockorchester, er to ting: For det fyrste den vesle besetninga med berre 16 instrumentalistar, noko som skapar tydeleg artikulasjon og klårt lydbilete. For det andre den uvanleg heftige ornamenteringa av dei instrumentale toppstemmene – diminuering, kallar me denne improvisasjonspraksisen, som enkelt sagt går ut på å dela opp lange notar til mange korte (av latin: diminuere, ’minska’).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement