Trio av internasjonalt format

Albumet Being byr på leik og perfeksjon i sjeldan blanding.

Publisert

Eyolf Dale har med åra utvikla seg til å bli ein av dei fremste jazzpianistane her på berget. Det er ikkje berre som pianist han har teke store steg. Han framstår også som ein særs interessant komponist og arrangør gjennom samarbeidet med Scheen jazzorkester og hans eigen Wolf Valley-oktett.

Både komposisjonane og arrangementa står sentralt i denne bautaen av ei trioplate, men det er den spontane skapinga av musikk mellom tre musikantar fullstendig på bølgelengd som gjer at plata hevar seg godt over gjennomsnittet.

Kommunikasjonen gjev ein leiken fridom som trioen aldri tøyer for langt. Dei er lojale mot det heilskaplege. Arrangementa er minimalistiske, og ein sit aldri att med kjensla av at dei har lagt rigide grenser for den improvisatoriske tilnærminga. Trioen greier det kunststykket å skapa åtte tilnærma formfullenda stykke og likevel etterlata seg inntrykket av at dette er skapt i uendeleg stor fridom.

«Ace» er ein Jarrettsk vamp som etter kvart tek overraskande vendingar og fører Dale og Kleive inn i nærkamp med Zanussi, som det groovande ankeret. I den sambaliknande «Northern Brewer» viser Dale fram Bill Evans-sida av pianospelet sitt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement