Tinging med historiske røter

Musical Balloon er ein fin miks av det skrivne og det improviserte.

Publisert

Musical Balloon var tingingsverket til Vossa Jazz 2018. Musikken er teken opp frå urframføringa på festivalen. Den laussleppte stemninga frå konserten er overført på glimrande vis til CD-mediet. I førekant av konserten kom Hegdal med følgjande programerklæring: «Lyden av dette ensemblet, slik jeg hører den i hodet mitt når jeg tenker på de utrolig fargerike musikerne jeg har vært så heldig å få med på ballongferden, er altså den røde tråden. Så da gjenstår det bare å velge hva det er som skal henge på tråden!»

Kjærleikserklæring

Ballongane Hegdal har hengt på tråden eller trådane, er ni komposisjonar som hentar sterk og utilslørt inspirasjon frå ulike delar av jazzsoga. «One for All The Parkers», «The Bee Bop Balloon Variation» og «Mile Saloon» talar for seg. Det er likevel ikkje slik at denne inspirasjonen manifesterer seg med ein periode, ei stilretning eller ein musikar per låt. Nei, her er det ei salig blanding. Den raude tråden er ei kjærleikserklæring til jazzen som har vore gjennom ein original suite som på eksemplarisk vis sameiner det komponerte og det improviserte.

Djervt

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement