Tallause greiner

Bill Fay har sett seg under det høgste treet, langt frå ein eksponeringsavhengig musikkbransje.

Viktigast denne gongen er Bill Fay sjølv, ved tangentane, skriv Øyvind Vågnes.
Viktigast denne gongen er Bill Fay sjølv, ved tangentane, skriv Øyvind Vågnes.
Publisert

Somme gonger er det enkle det beste, heiter det i klisjeen. Og i tilfellet Countless Branches, det nye albumet frå Bill Fay, stemmer det godt på meir enn éin måte.

Fay har grave litt i skuffene, og då gjerne helst i kommoden han har hatt i fire tiår, for dei eldste melodiane som har fått nye ord på denne ferske plata, kan ifølgje rapportar og presseskriv sporast tilbake til skisser som er daterte såpass langt tilbake i tid. Denne mogningsprosessen, som lèt til å høyre til i ei anna tid, passar godt til visdommen som vert uttrykt i Fays songar, som løftar blikket mot dei store linjene i tid og rom.

Det var som om han brått var der, Bill Fay, med Life Is People (2013), for eg kjende ikkje til det han hadde laga i 1970-åra, før han forsvann. Historia er velkjend. Musikken hans selde ikkje nok den gongen, og plateselskapet mista interesse. Life Is People var ein ny sjanse til å verte høyrd, i ei ny tid.

Sparsamt

Countless Branches er den tredje utgivinga på Dead Oceans, fem år etter Who Is The Sender (2015), og Fay held seg nært folka sine. Alle dei tre platene er produserte av Joshua Henry, og Matt Deighton er med på gitar igjen. Men denne gongen læt det meir sparsamt, litt som Fays tolking av Wilcos «Jesus, etc.» på Life Is People, eller i det nære opningssporet på Who Is The Sender.

For viktigast denne gongen er Fay sjølv, ved tangentane. Og slik vart jo også songane til, heime hos Fay, ved pianoet, eit Technics-keyboard, og ein Korg D8, der han lagar demoar med det enklaste av opptaksutstyr, og plukkar fram smått og stort frå det romslege heimearkivet sitt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement