JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Systemsjokk

Svimlande ny musikk frå den påliteleg overskridande Haley Fohr.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2944
20171020
2944
20171020

Rock

Circuit des Yeux:

Reaching For Indigo

Drag City /Border

«Brainshift», opningssporet på Reaching for Indigo, det nye albumet frå Circuit des Yeux, ber i seg eit nærast ruvande alvor, med den mollstemte grunntonen og dei illevarslande messingblåsarane. Det dreier seg om ein song om endring, omvelting, om ei kjensle av noko kataklysmisk.

Eit presseskriv signert Haley Fohr, som lagar musikk under namnet Circuit des Yeux, forklarar bakgrunnen for songen. Fohr fortel at ho 22. januar 2016 hadde ei livsendrande oppleving: «Something told me to leave the comfort of my life & make way for something new.» Ho flytta ut av heimen, og etter kvart vart alt annleis: «The world was saying YES for the first time & I was riding its wave.»

Somme lesarar av musikksidene vil kanskje vite at eg har følgt Fohr tett dei siste åra. In Plain Speech (2015) fekk mange rundar i spelaren: Eg vart heilt fanga av det særeigne grepet som denne artisten har om bluesen og jazzen, og slektskapen hennar med eigenrådige kunstnarar som Scott Walker og Laurie Anderson. (Sjekk ut «Dream of TV», eit sentralt spor på albumet.)

I fjor kom så plata Fohr laga under artistnamnet Jackie Lynn, det eigenarta, nyskapande albumet Jackie Lynn, som gjorde ein omtumlande, uredd bruk av nokre av dei sentrale tropane i americanatradisjonen.

Noko heilt unikt

Reaching for Indigo representerer ei tilbakevending til Circuit des Yeux-prosjektet. Fohrs tette samarbeid med Cooper Crain (Bitchin’ Bajas) held fram, og det er ikkje vanskeleg å høyre at dei to har ei kunstnarleg samforståing som gjer dei i stand til å skape noko heilt unikt.

Fohrs røyst har eg prøvd å skildre før, sikkert utan hell, for ordet baryton fangar neppe lyden som går så skakande djupt og hardt ut i rommet.

Vokalgymnastikk

I stunder kan ein tenkje på ein ikonoklastisk songar som Diamanda Galàs, og då særleg mot det (i positiv forstand) prøvande sporet «A Story Of This World Part II». Og likevel gir ikkje ein slik assosiasjon eit presist bilete av kva slags musikk dette er, når alt kjem til alt. Fohr kan også løfte lyttaren inn i ein lett, drøymande vokalgymnastikk som liknar den vi kjenner frå platene til Meredith Monk – særleg i eit vimsete spor som «Paper Bag», eit vilt kvervlande dragsug av ein komposisjon.

Eg vegrar meg ofte for å nemne slike referansar med namn, sidan Walker, Anderson, Galàs og Monk tilhøyrer ei idiosynkratisk åre i eit vanskeleg farbart terreng mellom den esoteriske, uregjerlege populærmusikken og den kompromisslaust søkjande kunstmusikken. Men om du, gode lesar, har eit inderleg forhold til ein av desse artistane eg har lista opp, og ikkje har høyrt om Fohr eller Circuit des Yeux før, så er det mykje som kan tyde på at du vil finne noko i denne musikken, og vil ha glede av å oppdage Reaching for Indigo.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis