Synth, saks og sauebrek
Kanadiske Pierre Guerineaus solodebut er eit elektronisk meisterverk.
Den Montreal-baserte kanadiske musikaren Pierre Guerineau er kjend frå duoen Essaie Pas («ikkje prøv»), der han saman med Marie Davidson lagar dunkel og detaljert musikk i kryssingspunktet mellom sjangrane synth-pop og cold wave. Davidson gav ut sitt fjerde soloalbum, Working Class Woman, mot slutten av 2018; solodebuten til Guerineau kom først no i august.
Medan Essaie Pas’ og Davidsons musikk er svært dansegolvvenleg, er komposisjonane på L’eau par la soif (som tyder «vatn til dei tørste») ein god del hakk meir abstrakte og flyt rundt ein stad mellom ambient, samtidsmusikk og techno. Namnet Feu St-Antoine refererer til ergotisme, ein sjukdom som i gamle dagar braut ut når folk åt brød laga av mjøldrygeinfisert korn. Tilstanden var prega av hallusinasjonar og krampetrekningar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.