Svolten på repertoar

At Johann Sebastian Bach (1685–1750) berre etterlét seg tre konsertar for fiolin og orkester, er ikkje nok til å stilna appetitten til den tyske barokkfiolinisten Isabelle Faust. På dette dobbelalbumet med det framifrå Akademie für Alte Musik Berlin utvidar ho repertoaret med konsertar og triosonatar som Bach opphavleg skreiv for fiolin, men som er overleverte som transkripsjonar for andre instrument, særleg for cembalo og orgel.
Bortsett frå at Faust pressar tempoet vel mykje i dei snøgge satsane, særleg i triosonatane, er albumet eit særmerkt og smakfullt tilskot til den enorme Bach-diskografien.