Strutta av overskot

Concerto Copenhagens Bach-framføring var ein tour de force i ensemblespel.

Concerto Copenhagen spelar Brandenburgkonsert nr. 2 i Håkonshallen. Naturtrompetisten Robert Farley lengst til høgre.
Concerto Copenhagen spelar Brandenburgkonsert nr. 2 i Håkonshallen. Naturtrompetisten Robert Farley lengst til høgre.

Konsert

Ho er som ein bukett med sjeldne blomar, samlinga med seks instrumentalkonsertar som Johann Sebastian Bach (1685–1750) våren 1721 noterte i sirleg skjønnskrift i eit partitur dedisert markgreve Christian Ludwig av Brandenburg, bror til kongen av Preussen. Kvifor? Me veit det ikkje sikkert, men truleg var gåva ein slags jobbsøknad – Bach ville syna kva han var god for, og håpte vel på ei kapellmeisterstilling hjå markgreven.

Då eg såg at tidlegmusikkorkesteret Concerto Copenhagen skulle framføra alle konsertane samla under Festspillene, gledde eg meg, for innspelinga deira med verka frå i fjor er framifrå. Tolkinga var då òg det førebelse høgdepunktet under årets festspel, godt hjelpt av atmosfæren og den gode akustikken i Håkonshallen, gildehallen Håkon Håkonsson reiste midt på 1200-talet.

Rett frå Kina

Namnet «Brandenburg­konsertane» går ikkje attende til komponisten sjølv, men til den fyrste store Bach-forskaren Philipp Spitta i 1873. Bach kalla dei Six concerts avec plusieurs instruments, «Seks konsertar med fleire instrument», noko som er ei underdriving: Aldri før hadde ein komponist kreert noka konsertsamling med tilsvarande mangfald i instrumentasjon, form og affekt. I tillegg er stykka så vrine å spela at ein vanskeleg kan sjå føre seg at markgrevens orkester i det heile ville greidd å framføra dei. Dette var vel grunnen til at notane fort hamna i hoffarkivet, der dei samla støv i hundre år før dei blei oppdaga.

Concerto Copenhagens tolking strutta av overskot, sjølv om det er blitt meg fortalt at musikarane kom med flyet rett frå Kina denne dagen. Lat oss gå gjennom dei stykka som gjorde mest inntrykk.

Tre favorittar

Konsert nr. 3 gjev oss ein viktig tilleggsdimensjon når me opplever han live på scena. Komponert som han er for høvesvis tre fiolinar, bratsjar og celli, pluss besifra bass, var det ein fryd å sjå korleis dei musikalske temaa vandra frå instrument til instrument. Som å sjå gode fotballspelarar sentra ballen til kvarandre, var det.

Konsert nr. 2 har den spesielle soloinstrumentkombinasjonen fiolin, blokkfløyte, obo og trompet. Truverdige kjelder i trompetmiljøet har fortalt meg at dette er det vanskelegaste stykket som nokon gong er skrive for naturtrompet, barokkinstrumentet som vantar ventilar og i grunnen berre består av eit bøygd metallrøyr med munnstykke i den eine enden og sjallstykke i det andre. Ikkje rart trompetisten Robert Farley blei raudare og raudare i andletet utover i verket. Men kampen hans enda med siger; trass i nokre småfeil greidde han imponerande godt å tilpassa seg klangen til dei andre langt linnare instrumenta.

Konsert nr. 4 er min favoritt (uhilda er eg ikkje, for eg har skrive magisteravhandling om han). To blokkfløyter ber seg her åt som ekko til solofiolinstemma, der sistnemnde krev lynsnar bogebruk, ein effekt som ofte blir lydleg tilslørt i salar med grautete romklang. Men i Håkonshallen høyrde me kvar tone frå Fredrik Froms barokkfiolin. Sjølv om intonasjonen hans i det raskaste partiet ikkje var heilt perfekt, var den plastiske fraseforminga og dialogen med blokkfløytene ein tour de force i ensemblespel.