Strauss til støls
Vasily Petrenko og Oslo-Filharmonien
tek oss med på topptur i Alpane.
Alpemotiv av Gustav Jahn (1879–1919), ein austerriksk målar og alpinist som omkom under tindekliving i Alpane.
CD
Richard Strauss:
Eine Alpensinfonie, Tod und Verklärung
Oslo-Filharmonien; dir.:
Vasily Petrenko. LAWO 2019
Russiske Vasily Petrenko har få månadar att som leiar for Oslo-Filharmonien. Dette albumet er det siste i CD-trilogien hans med Richard Strauss’ symfoniske dikt, eit repertoar der den tyske komponisten utnyttar det seinromantiske symfoniorkesteret til fyllest. Særleg gjeld dette Alpesymfonien, som for meg er høgdepunktet innan romantisk-symfonisk instrumenteringskunst. Å halda styr på eit så abnormt apparat med opp mot 130 musikarar krev suveren dirigentteknikk. Og det har dei fleste sjefdirigentar for store europeiske orkester. Men dei aller beste transcenderer det tekniske og tilfører musikken noko naturleg, noko leikande og – i somme tilfelle – noko sublimt.
Klangglorie
Strauss blei oppdregen i den strenge klassisk-romantiske tyske tradisjonen. Men i 1880-åra opna han seg mot retninga me kallar «den nytyske skulen», som freista å uttrykkja utanommusikalske fenomen med tonar. Det var særleg innan forma «symfonisk dikt» Strauss skaffa seg eit namn. Desse orkesterverka kunne skildra ein idé, eller dei kunne ta utgangspunkt i ei konkret handling, sjølv om dei to tinga ofte går over i kvarandre.
Eit døme på fyrstnemnde type er Tod und Verklärung, op. 24, som blei fullført i 1889. (Tittelen er vanskeleg å omsetja, men tyder noko slikt som «død og omskaping» eller «død og opphøging».) I eit brev skriv Strauss at han her presenterer «dødstimane til ein mann som hadde streva mot dei høgaste idealistiske mål». Dette er den beste av tolkingane på albumet. Oslofilharmonien spelar teknisk perfekt og med fin flyt gjennom heile det 24 minuttar lange stykket. Høgdepunktet er den klanglege strålekransen – ein evig lang C-dur-akkord – som markerer at «sjela har fare bort frå kroppen», og at det er fullført «som ikkje kunne fullførst her nede».
Til støls
Teknisk god er òg framføringa av Eine Alpensymfonie, op. 64, som er av typen som skildrar ei konkret handling, nemleg ein tur komponisten gjekk 35 år før verket blei urframført i 1915. Ferda tek til i dalbotnen medan det framleis er mørkt. Gjennom skogen, langs bekker og fossar ber det til støls, så over breen heilt til topps. Skylaget tjuknar til, torevêr bryt ut på vegen ned, og vel heime er ei ny natt atter i emning. Alt dette får Strauss fram med sin fintmerkande instrumentasjonssans.
Kva så med Petrenkos tolking? Han er ikkje alltid der, den naturlege flyten som trengst gjennom dei 22 satsavsnitta, og det er noko kantete og uforløyst over heilskapen. Dei verkeleg sublime augneblinkane ved alpenaturen får me difor aldri.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.