Støv i kjølvatnet
Jackie Lynn vender tilbake med Jacqueline.
Jackie Lynn er namnet Haley Fohr stundom gjer bruk av i eit samarbeidsprosjekt med Cooper Crain og Bitchin Bajas.
Foto: Evan Jenkins
Pop/eksperimentell
Jackie Lynn:
Jacqueline
Drag City
«Leave no trace and show no face», heiter det i «Traveler’s Code of Conduct» på det nye albumet frå Jackie Lynn.
Reiserådet i songen er ikkje av det slaget ein finn i Lonely Planet. Men så kjem det ikkje akkurat frå ein gjennomsnittsturist heller.
Jackie Lynn er namnet Haley Fohr stundom gjer bruk av i eit samarbeidsprosjekt med Cooper Crain og Bitchin Bajas, når ho ikkje lagar musikk med Circuit des Yeux. Albumet av året har fått tittelen Jacqueline, ei forfransking av bandnamnet, og slik eit snertent uttrykk for identitetsspelet som Fohr utforskar både konseptuelt og performativt i sitt kunstnarlege virke.
Reise og rørsle
Då albumet Jackie Lynn kom for fire år sidan, løfta eg det fram på desse sidene som ei identitetspolitisk røvarhistorie, komplett med cinematiske referansar til ulike mytiske forteljingar frå populærkulturen. Plata var ein slags lydleg roadmovie med eit ekko eller to frå universet til David Lynch.
Reise og rørsle er altså berande element også på Jacqueline, der Fohr atter går inn i rolla som Lynn, eller snarare lèt karakteren verte fødd på nytt – som Jacqueline, ein langtransportsjåfør stadig på veg inn i ein ny horisont. Låtane peikar mot destinasjonar og ulike miljø og teiknar opp sin eigen kartografi, frå Lenexa, Missouri til Odessa, Texas.
Det er ein mystisk reisande vi får følgje på delar av vegen. «Each step that you take/ leaves dust in its wake», heiter det i den elektronisk pulserande og ganske så dansbare «Odessa», der det du vil ha, vert sett opp mot det du treng. Fohr og co. utstyrer lokasjonar med omriss og stemningar, og overlèt til lyttaren å trekkje linene på kartet.
Mørkare enn midnatt
Reisa til Jacqueline er nemleg av typen der ein ikkje alltid veit kvar vegen vil bere vidare. Valet i vegkrysset kan potensielt vere lagnadsfullt. Livet er ei open bok. Med ei reise følgjer eit sett av tropar og motiv, og Fohr er god på å ta dei i bruk, men det konseptuelle vert aldri tvungent, snarare noko som opnar stoffet.
Ein song som «Lenexa» funklar bak Fohrs djupe røyst, som er mørkare enn midnatt ei månelaus natt, for å sitere agent Cooper i Twin Peaks når han skal poengtere preferansen for svart kaffi. Jacqueline er konstrastrik estetisk, noko som ikkje minst vert understreka med albumets nest siste song, den uimotståelege, farlege discolåten «Diamond Glue». Det finst nokre klubbar det er vanskelegare å komme seg ut frå enn andre.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?