Stilistisk sjonglering

Finst der ein klår definisjon av kva som er norsk barokkmusikk?

Caroline Eidsten Dahl er blokkfløytist i Ensemble Freithoff.
Caroline Eidsten Dahl er blokkfløytist i Ensemble Freithoff.
Publisert

Spørsmålet i ingressen stiller luttspelaren og gitaristen Vegard Lund i Ensemble Freithoff seg i den velskrivne omslagsteksten til albumet Sonata Norwegica. Svaret hans er «nei», noko eg kan seia meg samd i: Barokken, særleg i den siste delen av perioden, var ei tid då musikkstilane var internasjonale. Gode komponistar, uansett kvar dei stamma frå, var i stand til å komponera i ulike nasjonale stilar og å blanda desse stilane – alt etter kva uttrykk dei ville få fram. Stilsjongløren framfor nokon annan var G.P. Telemann, ein av J.S. Bachs tyske samtidige.

Sorglaus virtuositet

No er ikkje Telemann med på denne plata, men mykje av repertoaret ligg hans eklektiske «kameleonstil» nær. Eg tenkjer til dømes på dei to fyrste stykka, ein triosonate og ein solosonate, begge i G-dur. Desse er av Johann Henrik Freithoff (1713–1767), den einaste av dei fire innspelte komponistane som verkeleg var fødd i Noreg, nemleg i Kristiansand. Opningssatsen «Allegro» i triosonaten har italiensk eld ved seg, à la kammerkonsertane til venetianaren A. Vivaldi. Om du ventar deg kompleks komposisjon og intrikat melodikk, har du her banka på feil dør – det er sorglaus virtuositet me får, med jagande toneskalaar som blir gjevne ekstra schwung gjennom dei raspande akkordane frå Lunds barokkgitar.

I solosonaten, der Caroline Eidsten Dahl spelar blokkfløyte, seglar Freithoff under eit anna flagg: Opningssatsen «Allegro» kling som galant, tysk 1700-hundretalsmusikk, med trillande triolar og koketterande «omvende punkteringar» (ikkje lang–kort, men omvendt: kort–lang).

Andresatsen «Adagio» er derimot fransk, nærare bestemt ein høgtidsam fransk hoffdans me kallar sarabande. Som komposisjon er han litt underleg; særleg det harmoniske verkar delvis famlande, i tydinga at rekkefylgja på akkordane (og spenninga som oppstår mellom dei) manglar harmonisk driv. Men med smakfulle ornament kjem Ensemble Freithoff komponisten til hjelp, særleg gjennom Eidsten Dahls rolege trillar og improviserte «bruer» mellom meloditonane.

Perfekt gentilhomme

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement