Sørstatsnetter
Soul, jazz og gospel møtest på Lizz Wrights nye album.
Lizz Wright har med seg produsent Joe Henry på det nye albumet.
Pressefoto
Sørstatsnettene kjem snikande på deg i Lizz Wrights lette, elegante tolking av «Southern Nights», ein av dei flottaste songane Allen Toussaint (1938–2015) komponerte. At låten er med på Grace, Wrights på alle måtar løftande nye album, er alt anna enn tilfeldig: Han ber i seg haldningar som er hardt prøvde i dagens konfliktfylte USA.
Gripande versjon
Wrights versjon er gripande av mange grunnar. Originalen var først å høyre på Toussaints album Southern Nights som kom ut i 1975. Ein av dei som fall for songen, var Glen Campbell (1936–2017), som spelte inn ei eiga utgåve som kom i januar 1977, og nådde toppen av hitlistene.
I ein eineståande konsertversjon på Songbook (2015) skildrar New Orleans-buaren Toussaint kvar grunnstoffet i songen er henta frå. Sørstatsnettene han mimrar om, utfalda seg i barndommen, der forteljingar vart delte under open himmel, på besøk hos slektningar i innlandet i Louisiana. Det var desse minna som festa seg då Campbell høyrde songen i 1975. Dei fekk han til å tenkje på eigen oppvekst, på ein gard i Arkansas.
Overskridande
Når Lizz Wright og produsent Joe Henry, som arbeidde tett med Allen Toussaint i dei siste åra av livet hans, tek «Southern Nights» med på Grace, er det såleis ei markering av songens overskridande potensial, av korleis han festar seg til noko menneskeleg som går på tvers av hudfarge og etnisitet, forankra i ein miks av soul, jazz og gospel.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.