Sørstatsnetter
Soul, jazz og gospel møtest på Lizz Wrights nye album.
Lizz Wright har med seg produsent Joe Henry på det nye albumet.
Pressefoto
Americana
Lizz
Wright:
Grace
Concord/
Universal
Sørstatsnettene kjem snikande på deg i Lizz Wrights lette, elegante tolking av «Southern Nights», ein av dei flottaste songane Allen Toussaint (1938–2015) komponerte. At låten er med på Grace, Wrights på alle måtar løftande nye album, er alt anna enn tilfeldig: Han ber i seg haldningar som er hardt prøvde i dagens konfliktfylte USA.
Gripande versjon
Wrights versjon er gripande av mange grunnar. Originalen var først å høyre på Toussaints album Southern Nights som kom ut i 1975. Ein av dei som fall for songen, var Glen Campbell (1936–2017), som spelte inn ei eiga utgåve som kom i januar 1977, og nådde toppen av hitlistene.
I ein eineståande konsertversjon på Songbook (2015) skildrar New Orleans-buaren Toussaint kvar grunnstoffet i songen er henta frå. Sørstatsnettene han mimrar om, utfalda seg i barndommen, der forteljingar vart delte under open himmel, på besøk hos slektningar i innlandet i Louisiana. Det var desse minna som festa seg då Campbell høyrde songen i 1975. Dei fekk han til å tenkje på eigen oppvekst, på ein gard i Arkansas.
Overskridande
Når Lizz Wright og produsent Joe Henry, som arbeidde tett med Allen Toussaint i dei siste åra av livet hans, tek «Southern Nights» med på Grace, er det såleis ei markering av songens overskridande potensial, av korleis han festar seg til noko menneskeleg som går på tvers av hudfarge og etnisitet, forankra i ein miks av soul, jazz og gospel.
Heile Grace er motivert av slike orienteringar, på ei plate der Ray Charles og Nina Simone står side om side med Bob Dylan. Romantiske «Stars Fell on Alabama», ført i pennen av Frank Perkins og Mitchell Parish i 1934, og tolka av ikoniske songarar så ulike som Ella Fitzgerald og Frank Sinatra, skildrar eit meteorregn i 1833, men kjennest ny i denne tappinga.
Sterk lyttaroppleving
Å høyre Wright synge tittelsporet «Grace», komponert av Rose Cousins, er mellom dei sterkaste lytteopplevingane eg har hatt dette året. Når røysta hennar får motsvar i gospelkoret mot slutten av songen, i ei insisterande gjentaking av ordet «forgiveness», står det fram som ein verdig manifestasjon av kva det vil seie å vere eit medmenneske.
At Joe Henry stiller på produsentsida, er i seg sjølv eit kvalitetsstempel, og her har han også spela ei sentral rolle i låtvalet. Wright omgir seg med fleire av dei trufaste musikarane i eit studio på Sunset Boulevard i Los Angeles, mellom dei Jay Bellerose på trommer og David Piltch på ståbass. På tre av spora er songarar frå ulike kyrkjesamfunn i Atlanta med, dirigerte av Kenny Banks. Musiseringa er kresen og elegant. Høyr berre på den syngande hammondsoloen Banks får utstyre tolkinga av k.d. langs «Wash Me Clean» med. For eit album!
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?