JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Songane
som vi deler

The Unthanks løftar fram songane og dikta til Molly Drake.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2725
20170609
2725
20170609

Folk

The Unthanks:

The Songs and Poems of Molly Drake. Diversions
Vol. 4

Rabble Rouser/Border

Kva kan ein song gjere med deg? Det er The Unthanks som stiller spørsmålet, i «What Can a Song Do To You?», opningssporet på den nye plata deira.

Det er eit velvalt anslag. Det er jo forunderleg kva rolle somme melodiar endar opp med å spele i eit menneskeliv – ikkje minst kan ein song knyte individ saman i viktige, små eller store fellesskap.

Songane på The Unthanks’ fjerde utgiving i serien dei har kalla Diversions, peikar mot slike fellesskap, fleire av dei av familiær art. Materialet som er samla på plata, er nemleg skrive av mor til den kjende britiske folkrockmusikaren Nick Drake (1948–74): Molly Drake (1915–93) skreiv både dikt og songar, og dei som såg dokumentarfilmen A Skin Too Few (2000) om son hennar, vil nok hugse at nokre opptak figurerte der, mest for å peike på kor viktige songane hennar var i oppveksten til guten.

Framifrå arrangement

Men songane står seg som noko mykje meir enn mors song ved vogga. For fire år sidan kom Molly Drake, eit lite knippe nære, fascinerande melodiar ho framførte på eit piano på 1950-talet, i opptak laga av mannen hennar. Fleire av desse er også å høyre på plata til The Unthanks, men der dei i originalversjon var rørande enkle og rett fram, har dei her fått ei innpakking som løftar fram og styrkar kvalitetane som bur i dei. Arrangementa på The Songs and Poems of Molly Drake er framifrå – høyr for eksempel på kva bandet har fått til med «Little Weaver Bird».

The Unthanks er ein stabil og påliteleg leverandør av kvalitetsmusikk. Eit par år har gått sidan eg skreiv om Mount the Air på desse sidene, begeistra som eg nok ein gong var over vokalharmoniane til systrene Rachel og Becky Unthank, fødde med sju års mellomrom. Det dreier seg om eit familieføretak: Adrian McNally, komponist, pianist, og produsent, er gift med Rachel. The Unthanks er dermed eit fellesskap som lever saman og samlar seg om musikken.

Gripande

At dette tilfører uttrykket på The Songs and Poems of Molly Drake ein eigen nærleik, kan det ikkje vere mykje tvil om, og nærleiken vert ikkje mindre av at dotter til Molly, skodespelaren Gabrielle Drake, også er er med og resiterer fleire av dikta til mor si.

Det er noko gripande over kunst som vert plassert i ein skuff, og deretter får kvile der i fleire tiår, før nokon får han fram i lyset, slik at han endeleg kjem til sin rett. Vi kan aldri få vite kva Molly Drake hadde tenkt om ho fekk lytte til dette albumet, men det går an å gjette seg til at ho ville ha vore mektig stolt.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis