JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Slukt heil

To album som byr på gamle og nye songar frå dei nordamerikanske fjella.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2723
20170630
2723
20170630

Rock

Jason Isbell:

The Nashville Sound

Southeastern/Border

Rock

House
and Land:

House and Land

Thrill Jockey/Border

Kanskje Cumberland-passet berre sluker deg heil, spekulerer gruvearbeidarsonen og forteljaren i «Cumberland Gap», andresporet på Jason Isbells flotte The Nashville Sound: «Maybe the Cumberland gap just swallows you whole.»

Der delstatane Kentucky, Virginia og Tennessee møtest, finn du Cumberlandfjella, i Appalachane, det gigantiske komplekset av fjellkjeder som har slik ein sentral plass på det nordamerikanske kartet – du kan følgje det frå Newfoundland til hjartet av sørstatane i Alabama.

Området har vore ein sentral historisk arena, før og gjennom borgarkrigen (1861–1865) og fram til i dag. Her finst det stiar og vegar som er godt nedtrakka, og godt mytologiserte også: Gjennom det smale passet Cumberland Gap vandra indianarane, og deretter dei såkalla pionerane, inntrengarar som tenkte på seg sjølve som busetjarar i «ville vesten».

Rik musikktradisjon

Appalachane er også kjende for ein rik musikktradisjon. Somme vil kanskje ha høyrt Woody Guthrie synge ein gammal folketone kalla «Cumberland Gap». Når Isbell zoomar inn same område sytti år seinare, er det andre lagnader han vil peike på. I den harmdirrande songen hans er det den djupaste desperasjonen som gjer seg gjeldande, den som tilhøyrer eit menneske som fôrar seg på pillar og sprit, i keisemd og nederlag. Isbell kidnappar eit topos og gjer om på det – «Cumberland Gap» endar opp med å verte eitt av fleire diagnostiske nedslag på The Nashville Sound som sirklar inn Trumps USA og forgreiningane dette har bakover tiåra.

The Nashville Sound er Isbell på sitt beste, fullt på høgd med Springsteens finaste songar frå The River-perioden – fleire låtar sender tankane i den retninga, ikkje minst den godt skildra angsten i «Anxiety» eller den famlande nærleiken i «If We Were Vampires».

Tidlause songar

Der Isbell formar om tropar og tonar frå Appalachane og plasserer dei i eit meir eller mindre samtidig rockeuttrykk, er duoen House and Land, som rommar multiinstrumentalistane Sally Anne Morgan og Sarah Louise Henson, meir for tradisjonalistar å rekne, utan at dei er puristar heller. House and Land er merkt av ein reindyrka nærleik til stadbundne musikalske kjelder som forpliktar, men også inspirerer. Songane på albumet er markant tidlause, dei svever over generasjonar, og tilskriv seg slik eit eige overblikk og ein eigen visdom.

Det gnistrar i felestrengane på begge desse Appalachia-utgivingane, som er så ulike, men likevel så nære kvarandre i tid og rom.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis