Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Slitesterk julehelsing

Eit opptak som i si tid var ei julegåve, er no kome på plate.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1977
20190118
1977
20190118

Folkemusikk

Anders Kjerland:

Helsing med tonefylgje

Aksent

Hardingfelespelaren Anders Kjerland (1900–1989) frå Granvin i Hardanger var ein av dei fremste spelemennene i sin generasjon. Han medverka på over 100 kappleikar og er dessutan godt dokumentert med 481 slåttar som er tekne opp av NRK.

Men opptaka på denne utgjevinga er henta frå verken kringkastinga eller folkemusikkarkiva. I 1967 gjorde Håvard Kvandal – sambygding og vidgjeten felemakar – opptak av Kjerland med ein Tandberg bandopptakar. Bandet vart sendt som gåve til folkemusikkvenene Lilly og Hans Nestegard i Hallingdal. Utgjevinga opnar med at Kjerland les inn ei julehelsing, og sidan går det slag i slag, mest i springar og rull. Av og til seier spelemannen nokre ord om dei 23 slåttane, som gjerne er i form etter læremeisteren Halldor Meland (1884–1972).

Det har ikkje noko føre seg å vurdera spelet til Kjerland over 50 år etter at opptaket vart gjort. Dessutan er han ein av dei mest vurderte hardingfelespelarane som har levd (kappleiksspelmann som han var), og han har etterkomarar og tidlegare elevar som er høgst oppegåande forvaltarar av den musikalske arven etter Kjerland. Utgjevinga er såleis meir å rekna som eit monument over ein hovding som «alle» i hardingfelemiljøet har eit forhold til, både av det beundrande og kritiske slaget.

Håvard Svendsrud, som sjølv er ein framifrå musikar, og plateselskapet Aksent skal ha stor honnør for atter ein gong å gjera den viktige jobben med å henta fram gamle (og gjerne ukjente) opptak frå arkiv og privatpersonar og gjera dei tilgjengelege for eit større publikum. Også det detaljerte tekstheftet (både på norsk og engelsk) lyt nemnast. Som heilskap er dette ein førsteklasses inngang til kunnskap om denne delen av hardingfelemusikken som framleis pregar mange utøvarar.

Sigbjørn Apeland

Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast musikk­meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Gjermund BakkeliHaga

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis