Skillingsviser og stiklingar

Karoline Wallace er ein original komponist.

Publisert

Karoline Wallace følgjer opp den fascinerande plata Lang vinter frå 2019 med musikk som tydeleg ber signaturen hennar, men med Stiklinger tek ho nye steg. Musikken er inspirert av hagen til mormora, eller korleis hagen er blitt til, gjennom livslang planting av stiklingar. Opningslåten «Rosehus» og avslutninga «Nei, Karoline, nå kommer sola» viser denne inspirasjonen på konkret vis. Førstnemnde med ein strupesongteknikk. Sistnemnde er eit gamalt opptak med mormora og Karoline med Gomez på modifisert piano i ein fjern bakgrunn.

Tilslørt støy

Wallace brukar gamle kassettopptak av familien – mor, far og morfar, men det som blir sagt, er tilslørt av støy og ein høyrer berre brotstykke. Det blir aldri pinleg privat. Med musikken inviterer Wallace lyttaren til å sjå attende, bla i gamle fotoalbum – ikkje hennar, men dine eigne. Musikken er ikkje først og fremst nostalgisk, sjølv om han har lengtande drag, sterkast i «Tri loopår». Det dominerande draget er den naivistiske undringa som pregar både det vokale og det kompositoriske uttrykket hennar.

Sterk bodskap

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement