Musikk
Scheen Jazzorkesters beste
Det er internasjonalt snitt over det Scheen-orkesteret presterer no om dagen.
Skien er jazz-Mekka i Noreg no om dagen. Ikkje berre har dei meir enn dusinet fullt med profilerte jazzmusikarar som kjem frå byen, men til helga slår Bugge Wesseltoft like godt til med eigen jazzfestival i heimbyen. Sjølvsagt står Scheen Jazzorkester på programmet med musikken frå denne innspelinga. Fem utgjevingar på gode sju år har orkesteret på CV-en. Det står det respekt av.
Bandet tinga musikken av tenorsaksofonisten og komponisten Jon Øystein Rosland. Han har skrive eit suiteliknande verk i ti deler, der det ti minuttar lange tittelkuttet avsluttar det heile og er nærast ein suite i suiten. Musikken er groovy, men samstundes svært dynamisk. Rosland dyrkar også kontrasten som verkemiddel gjennom heile suiten. Innimellom er komposisjonane bygde opp som spørsmål og svar, andre gonger utviklar han ostinat lag på lag heile tida med ein velutvikla sans for klangfargane i orkesteret.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.