Saktegåande duo i storform

Imponerande treg og seig ny musikk frå Earth.

Dylan Carlson på gitarar og trommeslagar Adrienne Davis på trommer og perkusjon utgjer duoen Earth.
Dylan Carlson på gitarar og trommeslagar Adrienne Davis på trommer og perkusjon utgjer duoen Earth.
Publisert

Earth – kalla opp etter Black Sabbaths andre forsøk på bandnamn (det første var Polka Tulk Blues Band) – er eit amerikansk rocke- og metalband som speler ekstremt sakte. Bandet blei stifta i 1989 og er blant pionerane innan sjangeren dronerock. Det førre albumet deira, Primitive And Deadly frå 2014, var noko av ein avstikkar, sidan det inneheldt vokal, ganske ukarakteristisk for eit band som vanlegvis speler monoton, seig, mørk og utstrekt instrumentalmusikk, men no er bandet tilbake i instrumentalsporet med Full Upon Her Burning Lips.

I verdstoppen

For tida opererer Earth som duo, samansett av primus motor Dylan Carlson på gitarar og Adrienne Davies på trommer og perkusjon. Det er ikkje lett å spele sakte, iallfall ikkje på trommer. Det kan underteikna av erfaring skrive under på. Når det gjeld saktegåande trommespeling, er Davies i verdstoppen, og på denne plata er ho i betre form enn nokosinne. Det er ein fryd å høyre den akkurat passeleg slapsete timingen hennar og framifrå fotarbeid med hi-hat-pedalen.

Stilblanding

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement