Saktegåande duo i storform
Imponerande treg og seig ny musikk frå Earth.
Dylan Carlson på gitarar og trommeslagar Adrienne Davis på trommer og perkusjon utgjer duoen Earth.
Omslagsfoto
Rock
Earth:
Full upon her burning lips
Sargent House
Earth – kalla opp etter Black Sabbaths andre forsøk på bandnamn (det første var Polka Tulk Blues Band) – er eit amerikansk rocke- og metalband som speler ekstremt sakte. Bandet blei stifta i 1989 og er blant pionerane innan sjangeren dronerock. Det førre albumet deira, Primitive And Deadly frå 2014, var noko av ein avstikkar, sidan det inneheldt vokal, ganske ukarakteristisk for eit band som vanlegvis speler monoton, seig, mørk og utstrekt instrumentalmusikk, men no er bandet tilbake i instrumentalsporet med Full Upon Her Burning Lips.
I verdstoppen
For tida opererer Earth som duo, samansett av primus motor Dylan Carlson på gitarar og Adrienne Davies på trommer og perkusjon. Det er ikkje lett å spele sakte, iallfall ikkje på trommer. Det kan underteikna av erfaring skrive under på. Når det gjeld saktegåande trommespeling, er Davies i verdstoppen, og på denne plata er ho i betre form enn nokosinne. Det er ein fryd å høyre den akkurat passeleg slapsete timingen hennar og framifrå fotarbeid med hi-hat-pedalen.
Stilblanding
Samstundes durar Carlson i veg med massive gitar- og bassprogresjonar – og det vert spesifisert i tilhøyrande informasjon at han òg opererer duppedittar og forsterkarar, for dronerock lyt trass alt inkludere distortion og feedback. Det er Carlson så god på at det læt som den mest naturlege ting i verda, og i blandinga av stilelement frå så forskjellige sjangrar som doom metal, country og jazz er dette faktisk svært fengjande og avslappande. Annan musikk med like slafsete driv som dette skal ein leite lenge etter.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) la nyleg fram ei stortingsmelding for 5. til 10. trinn i grunnskulen. Der opnar ho for eit ordskifte om språkfaga i ungdomsskulen.
Foto: Lise Åserud / NTB
Språkfag i spel
Kunnskapsministeren vil gje fleire elevar høve til å velje arbeidslivsfag. Lærarar åtvarar mot å la det gå på kostnad av språkopplæringa.
Joaquin Phoenix spelar hovudrolla som Joker.
Foto: Warner Bros. Discovery
Dyster dobbeldose
Denne runden med Jokeren ber det same mørket med nye tonar.
I hamnebassenget om lag her lét Dia í Geil seg døype grytidleg ein kald oktobersøndag for snart 150 år sidan. Det var starten på vekkinga som gjorde Brø¿rasamkoman til eit livskraftig samfunn som framleis styrer mykje på Færøyane.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Om Gud og lausriving
Siste dag i oktober i 1880 lét Dia í Geil seg døype i hamnebassenget i Tórshavn, og etter det skulle Færøyane aldri bli det same.
VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.
Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB
Politikk i grenseland
Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.
Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.
Ein lang marsj mot idiotveldet
NEW YORK: Sett frå minnestunda for Lewis Lapham ser den politiske dagsordenen i USA mindre ny ut.