Regelbrot og middagshøgder
Rufus Wainwright har laga sitt niande studioalbum.
Rufus Wainwright viser fram sine sterkaste sider som popkomponist, meiner Øyvind Vågnes.
Pressefoto
«Unfollow the rules», syng Rufus Wainwright i pianoballaden som utgjer tittelsporet på den nye plata si. Med det gjer han kreativ bruk av eit nyord vi kjenner frå sosiale medium, slik at det å halde opp med å følgje vert eit aktivt val – eit regelbrot. Snertent!
Det niande studioalbumet frå Wainwright er det første på plateselskapet BMG, som slår på stortromma i presseskrivet når dei lanserer utgivinga. Det dreier seg om både ei oppsummering og eit klimaks, står det å lese, og ikkje berre det: Unfollow the Rules skal ha same prominente plass i diskografien til Wainwright som Graceland (1986) fekk for Paul Simon eller The Future (1992) fekk for Leonard Cohen.
Midtvegs i livet
I hyperbolske ordelag får vi høyre at ein artist like gjerne kan vere i toppform midtvegs i livet som i tidlege, visjonære og energiske år eller seine, kloke og avklarte år. Rufus vert 47 år om eit par veker, men middagshøgda vert rydda av vegen som mogleg problemstilling før denne meldaren har høyrt ein tone.
Dermed er lytteinstruksen klar. Når eit verk alt i utgangspunktet er omtalt som eit karrierehøgdepunkt, skapar det ei litt nervøs stemning ved første gjennomlytt. Etter nokre minutt vel eg å kvitte meg med presseskrivet, denne sjangeren som så ofte utfører den tildelte oppgåva si best når forfattaren held seg relativt informativ og nøktern og ikkje lurer på om albumet representerer «ein absolutt harmoni i balansen mellom innhald og form», som det heiter her.
Mange godbitar
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.