Perfekt storm

Den nye plata frå Grizzly Bear er ei vidareutvikling av bandet.

Publisert

På «Mourning Sound», den andre songen på Painted Ruins, det nye albumet frå Grizzly Bear, viser bandet seg frå si mest tilgjengelege side. Det dreier seg om ei lita pop-perle, ført fram av ein drivande bassgitar, synthlydar som fell over melodien som regndropar, før ein elgitar slår ned i det heile som eit lyn – det heile dreg seg opp til ein perfekt storm.

Vitalt

Sjølv om eg hugsar godt at eg fekk Grizzly Bear på radaren då andrealbumet Yellow House (2006) kom ut, var det med Veckatimest (2009) at eg for alvor fekk auga opp for bandet. På denne plata, som fekk det gåtefulle namnet sitt frå ei øy på kysten av delstaten Massachusetts, utvikla bandet verkeleg sitt eige markante uttrykk, med gitaristane og vokalistane Daniel Rossen og Ed Droste i førande roller. Til debutalbumet hadde dei levert kvar sine songar. No skreiv dei saman.

Fem år har gått sidan Shields (2012), den fjerde plata frå Grizzly Bear. I mykje av denne tida har Rossen, Droste, Christopher Bear og Chris Taylor drive med andre prosjekt, og dei har vore spreidde på kvar sin kyst.

Godt då at Painted Ruins kjennest så vital, og ikkje verkar motivert av eit ytre press om å lage endå ei plate. Mykje har skjedd med bandmedlemmane sidan dei kom saman som universitetsstudentar i New York og vigde all si tid til Grizzly Bear: ekteskap, barn, skilsmisser. Livet har drege dei i ulike retningar.

Etter vel eit tiår kan ein viss panikk oppstå for eit band – ein kjenner seg som gårsdagens nytt, og lever ulike liv. I staden for å orientere seg mot ein ny identitet og ein ny estetikk, representerer dette nye albumet ei vidareutvikling av det vi kjenner som Grizzly Bear, snarare enn eit brot med det.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement