Pastorale
klangmåleri
Innlevinga til musikarane i Ensemble Klingekunst vitnar om sann speleglede.
Ensemble Klingekunst spelar ukjend 1700-talsmusikk.
Foto: Franz Größiner
Lytt til artikkelen:
CD
Martin Christian Schultze:
Trattamento dell’Harmonia
Ensemble Klingekunst
CPO 2020
For dei som interesserer seg for sjeldsynte vekstar i den klassiske underskogen, er det tyske plateselskapet CPO interessant. Rett som det er, kjem her nemleg fyrsteinnspelingar av musikkhistorisk heilt ukjende verk. Albumet Trattamento dell’Harmonia er eit døme. Dette er namnet på ei verkssamling, prenta i Paris i 1733, som det berre er bevart to eksemplar av (i Bibliothèque nationale de France og Staatsbibliothek zu Berlin). På tittelbladet til notane blir komponisten kalla «M.C. Schultze D.B.», noko dei musikkvitskapleg kompetente musikarane i det austerrikske Ensemble Klingekunst tolkar som «Martin Christian Schultze de Berlin».
Kven denne Schultze var, er eit ope spørsmål. Etternamnet (ofte stava Schulze) er like vanleg i Tyskland som Hansen eller Nilsen i Noreg – det kjem frå «Schultheiß», den mellomalderlege nemninga for borgarmeister. Uansett opphavet: Trattamento dell’Harmonia er sett saman av seks sinfonie da camera (kammersymfoniar) for tverrfløyte, fiolin, gambe (eit celloliknande strykeinstrument) og besifra bass, noko som var ei ynda besetningsform i Paris midt på 1700-talet.
Polyrytmikk
Det fyrste som slår oss på dette vellukka albumet, er kor frodig musikken læt. Den fyrste sinfoniaen i D-dur er enkel og komplisert på same tid, for harmoniane er av den milde, italienske typen, medan rytmikken byr på meir motstand. Ulike rytmar blir sette opp mot kvarandre, då særleg tredelte mot firdelte, noko ein på fagspråket kallar polyrytmikk. Resultatet har noko av ei barokk fontene ved seg, der vasstrålar av ulik tjukkleik, lengd, kurve og snøggleik skapar eit komplekst og rørleg bilete.
Idyll
Apropos fontener og barokke hageanlegg: Det tredje stykket, som òg går i D-dur, er den mest landlege av sinfoniaane. Opningssatsen «Largo» er ein pastorale, som blir fylgd av ein rustikk «Allegro» med røffe rytmar. Idyllen toppar seg i tredjesatsen «Aria paysana», der fløyta spelar ein enkel, folkeleg melodi, som blir kommentert med kvitring frå fiolinen. Fiolinstemma er utstyrt med kommentaren «Songen til fuglane og nattergalen» og skal spelast «i fritt tempo». I tillegg kjem det bylgjande akkordspelet til gamben, som minner om ein roleg suklande bekk. Me får altså inntrykk av ein fløytespelande gjetar ved ei kjelde i ein lund med songfuglar, som jo var eit velkjent motiv i både dikte- og målarkunsten den gongen.
Eg er imponert over denne mystiske komponisten Schultze og måten Ensemble Klingekunst tolkar den avvekslingsrike, gjennomtenkte musikken hans på. Teknisk blir alle rytmiske detaljar nøyaktig utførte, samstundes som der er nok fleksibilitet i fraseringa til at det kling naturleg. I det heile vitnar innlevinga til musikarane om sann speleglede.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Skodespelarane Joseph Engel (Bastien) og Sara Montpetit (Chloé) i regidebuten til Charlotte Le Bon.
Foto: Cinemateket
Søte sommarskrømt
Falcon Lake er ein ven og var knalldebut frå Quebec.
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB
Kva er alternativet til EØS-medlemskap?
Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.
Foto: Privat
Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid
«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»