Øyvind Brække debuterer

Spanande sekstett med Knut Riisnæs i toppform.

Publisert

Det har gått ein mannsalder sidan Øyvind Brække byrja musikarkarrieren i Sandvika storband. Han har komponert og arrangert for ei mengd musikarar og orkester, mellom andre Trondheim jazzorkester og The Scottish National Jazz Orchestra. I tillegg har han medverka på mellom 30 og 40 plater. Likevel er dette Brækkes første plate i eige namn. Det var på tide.

Brække har brukt debuten til å presentera seg sjølv som komponist med i alt åtte låtar. Stilistisk spenner komposisjonane frå moderne mainstream til samtidsmusikk med tyngdepunktet klart på jazzfoten. Å kombinera trombone, bratsj og tenorsaks er ikkje vanleg kost, Brække får mykje ut av nettopp denne konstellasjonen, og med Young som ein harmonisk katalysator og det botnsolide tandemet Zanussi–Nylander måtte dette gå bra.

Med si sterke forankring i storband og store ensemble kunne ein venta at arrangøren Brække hadde teke strammare og meir omfattande grep, men han har late orkestermedlemmene få godt med spelerom. Her er det lange improviserte strekk til ei studioplate å vera. Det skal likevel seiast at ein del arrangementsgrep er utsøkte i si sparsame form.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement