Ordlause salmar
Bach minner oss på det den nye kvardagen vår vantar.
Sopranen Anna Prohaska syng kantatesatsar av Johann Sebastian Bach (1685–1750) med det tyske barokkensemblet Lautten Compagney.
Foto: Olaf Aue
Lytt til artikkelen:
Då var det der, det fyrste Bach-albumet med koronatema. Sorg, sjukdom og død finst det jo nok av i kantatane hans. Slikt var ein allstadnærverande del av kvardagen til mennesket i barokken, særleg for Bach, som blei foreldrelaus før han var ti år, mista den høgt elska fyrste kona si og ved livsens ende hadde fylgt halvparten av dei 20 ungane sine til grava.
Men sorga til den djupt truande luteranaren var nok annleis enn den dei fleste moderne menneske opplever. Tekstane han valde å tonesetja, syner at han ikkje såg på døden berre som tragedie, men òg som forløysing. Sjølv visste han at han ein dag ville møta sine kjære att i eit rike mykje betre enn vår jordiske verd. Denne innstillinga kjem til uttrykk i gravferdsmusikken hans, der triste mollparti vekslar ledig med gledefylte satsar i dur.
Overtydande
Eg må vedgå at eg var skeptisk då eg las om «Bach Redemption»-prosjektet til Wolfgang Katschner, den luttspelande dirigenten for Lautten Compagney i Berlin. Hadde han kasta seg på koronabylgja for å selja CD-ar? Det å knyta Bachs komposisjonar til konkrete hendingar i dag får ofte noko tvunge ved seg – eg har opplevd nok av lettvinte programmeringar som bomma på den blinken.
Men Katschner overtyder. I lag med sopranen Anna Prohaska har han fått til det mest minneverdige Bach-albumet frå 2020.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.