Nye horisontar
Spenn fast beltet og gi deg ut på tur med Jarle Skavhellen.
Jarle Skavhellen skjønar seg på urmotivet i americanatradisjonen, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Andris Søndrol Visdal
Det er fleire enn meg som har lagt bak seg nokre reiser i lenestolen dei siste månadene, utan å komme seg av flekken, med bøker, filmar eller kva det måtte vere. Og mellom dei ypparlege transportmiddela for denne typen rørsle stiller sjølvsagt songen sterkt, noko plateaktuelle Jarle Skavhellen demonstrerer til fulle med ferske Beech Street.
Beech Street finst, i Portland i Oregon, dit Skavhellen reiste i april 2019 med songane sine, til studioet til Tucker Martine, eit kupp for americanaartisten frå Bergen – ein sterkare produsent-CV skal du leite lenge etter, utan at vi skal fylle spalta med namna på alle dei prominente artistane mannen har arbeidd med.
Kritikarrost debut
Beech Street er eit velklingande album, stilsikkert framført, med ei innpakking som er som skreddarsydd for den typen låtar Skavhellen lagar.
Jarle Skavhellen dukka først opp i 2016, og to år seinare var albumdebuten The Ghost in Your Smile eit faktum, på det canadiske selskapet Nettwerk Records, som også gir ut Beech Street. Dei som oppdaga den kritikarroste førsteplata, kan trygt sjekke ut oppfølgjaren, der låtskrivaren held stø kurs vidare i same terreng – for å bruke ein metafor som fell særleg naturleg i møtet med desse songane.
Alt i opningssporet «Drive» dreier det seg om å sjå mot horisonten frå førarsetet i ein bil, og å pakke med seg trøbbelet og leggje ørkenen bak seg. Og Skavhellen skjønar seg på dette urmotivet i americanatradisjonen, for det går ofte på fire hjul på Beech Street, anten ein har mål om å komme tilbake («Home By 5»), eller om destinasjonen er meir uklar ved avreise («Crash & Burn»). Det er ikkje rart at motorvegen kallar på så mange protagonistar i denne songtradisjonen, med løfte om utferd og flukt, med lokkande bod om eventyr og kjærleik («Northern Lights»).
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.