Wong & Minekawa lagar leiken, livsbejaande musikk.
POP
Dustin Wong & Takako Minekawa:
Are Euphoria
Thrill Jockey Records
Den japanske gitarist-synthist-vokalisten Takako Minekawa platedebuterte i 1995, eit lite tiår før gitaristen Dustin Wong, fødd på Hawaii, halvt kinesisk og oppvaksen i Tokyo. Are Euphoria er den tredje plata deira som duo, eit album der små snuttar og sløyfer blir fletta saman og dannar fargerike klangflater med innbydande tekstur.
I desse eklektiske komposisjonane kan ein høyre spor etter mangt eit kulturelt uttrykk, med element som til dømes afrikanskklingande kor, perkusjons- og trommemaskinrytmar inspirert av alle verdshjørne, krautrockaktige syntharpeggiato og tidleg kyrkjemusikk blanda i hop gjennom ein musikalsk miksmaster samansett av livesamplarar og effektpedalar i lang, lang rekke. Det heile har eit hippie- og new age-aktig preg, men det er det slett ikkje noko gale med. Titelen på opningssporet, «7000000000 Human Elements», ber vitnesbyrd om den menneskekjære grunninnstillinga musikken er tufta på – ei sterk tru på det gode i det individuelle mennesket, ein hyllest til ulike folkeslag, religionar, livssyn og livsstila i verda.
Som det heiter i promomaterialet, oppstår ikkje harmoni ved at ein legg to like lydar oppå kvarandre. Harmoni oppstår av ulikskap. I ei tid der verdssamfunnet på mange måtar ser ut til å kunne rakne i saumane når som helst, kjennest det godt med ei vitamininnsprøyting som dette: Are Euphoria er ei godlynt og positivt innstilt plate, fylt med leiken og forfriskande musikk.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
POP
Dustin Wong & Takako Minekawa:
Are Euphoria
Thrill Jockey Records
Den japanske gitarist-synthist-vokalisten Takako Minekawa platedebuterte i 1995, eit lite tiår før gitaristen Dustin Wong, fødd på Hawaii, halvt kinesisk og oppvaksen i Tokyo. Are Euphoria er den tredje plata deira som duo, eit album der små snuttar og sløyfer blir fletta saman og dannar fargerike klangflater med innbydande tekstur.
I desse eklektiske komposisjonane kan ein høyre spor etter mangt eit kulturelt uttrykk, med element som til dømes afrikanskklingande kor, perkusjons- og trommemaskinrytmar inspirert av alle verdshjørne, krautrockaktige syntharpeggiato og tidleg kyrkjemusikk blanda i hop gjennom ein musikalsk miksmaster samansett av livesamplarar og effektpedalar i lang, lang rekke. Det heile har eit hippie- og new age-aktig preg, men det er det slett ikkje noko gale med. Titelen på opningssporet, «7000000000 Human Elements», ber vitnesbyrd om den menneskekjære grunninnstillinga musikken er tufta på – ei sterk tru på det gode i det individuelle mennesket, ein hyllest til ulike folkeslag, religionar, livssyn og livsstila i verda.
Som det heiter i promomaterialet, oppstår ikkje harmoni ved at ein legg to like lydar oppå kvarandre. Harmoni oppstår av ulikskap. I ei tid der verdssamfunnet på mange måtar ser ut til å kunne rakne i saumane når som helst, kjennest det godt med ei vitamininnsprøyting som dette: Are Euphoria er ei godlynt og positivt innstilt plate, fylt med leiken og forfriskande musikk.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?