Vestland, Vestland
Gabriel Fliflet tek det ned, Kabaret Makaber ristar laust.
Kabaret Makaber byd på herleg, mørk energi.
Vise
Gabriel
Fliflet:
Sevje
Etnisk musikkklubb/Musikk-operatørene
Rock
Kabaret
Makaber:
Kabaret Makaber
Apollon/Border
Bergen hadde saktens vore fattigare utan Gabriel Fliflet, denne stabile leverandøren av kreativ galskap, som med god grunn er for ein institusjon å rekne i musikkbyen.
Dei første minna mine om det årelange samarbeidet hans med Ole Hamre – i duoen Fliflet/Hamre Energiforsyning, som dei først kalla seg – fell saman med dei første minna frå Bergen, tidleg på 1990-talet. Også i år «morar dei jula inn» når det verkeleg nærmar seg, for her dreier det seg om musikarar som har skapt tradisjonar rundt sine kunstnarskap.
Markant nedpå
Herleg viltert har det ofte vore, men den nye plata til Fliflet, Sevje, er markant nedpå, beint fram stillferdig til og med. Og kvifor ikkje? Hovudpersonen toler godt å setje seg sjølv i sentrum også med dette materialet, eit knippe fine melodiar han har komponert, til ei utgiving der han syng like så mykje som han spelar trekkspel og piano.
Det er ein fin gjeng han har med seg. Hamre stiller med «hamrofonen» og ein xylofon, og litt ute i tredjesporet «Kor lang og trist er natta her» konstaterer eg også med glede at sjølvaste Arve Henriksen dukkar opp med trompeten sin. Anders Røine er med på langeleik og fele, og heile gjengen syng med. Veteran Kato Ådland er med på fleire instrument og har produsert.
Fliflet vender nok ein gong tilbake til dikt av Robert Burns sett om til norsk av Johannes Gjerdåker, eit stoff han er som skapt til å tonesetje. Vi er elles i det vestlandske, med tekstar frå forfattarar som Fløgstad, Hovland, Fosse og Per Olav Kaldestad – nivået er høgt.
Tilfellet ville ha det til at eg høyrde Erlend Nødtvedt snakke om ville vekstar, vestlandsidentitet og den sprelske debutromanen Vestlandet, om lag då eg gjorde meg kjend med Sevje, og eg vart slegen av kor robust og levande det vestlandske er som mytestoff, både for gamle og nye røyster.
Mørk energi
Dei siste vekene har eg også lånt øyre til bandet Kabaret Makaber, som gjer sin eigen vri på dette: Det sjølvtitulerte debutalbumet deira er bada i ein herleg, mørk energi. Musikkuttrykket kallar bandet sjølv «bygdenoir», og anar frå tradisjonen etter Brecht (som namnet tyder på) og ei dragning mot det makabre er ikkje til å ta feil av.
Denne kjellaren er det altså vel verdt å snuble ned i, ikkje minst fordi det læt så skarpt, trass i at det også læt så skakt. Marita V. Bratteteig leverer ein herleg, farleg vokal til songane på Kabaret Makaber, som i tillegg til eit par saksofonar, ein kontrabass og trommer kan by på ein passe mystifiserande marimba ved Torstein Åvar Sollien: Då er alt duka for både «Bygdetango» og «Gravferd i Kaupanger».
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?