Tøffare enn toget
Kombinasjonen av eit massivt og glasklart lydbilete er det som imponerer mest.
Jazz
Ola Kvernberg:
Steamdome
Ola Kvernberg, fiolin, bratsj, tangentinstrument, gitar, teremin, trommer og perkusjon; Øyvind Blomstrøm, gitar, baryton gitar og pedal steel gitar; Nikolai Hængsle, bass; Daniel Buner Formo, Hammond B3; Erik Nylander, Hans Hulbækmo og Børge Fjordheim, trommer og perkusjon. GRAPPA GRCD4569
Nok eit festivalprosjekt har materialisert seg på plate. Denne gongen er det ei felles tinging frå Jazzfest i Trondheim og Moldejazz som har resultert i dampande og sydande musikk frå eit sterkt stjernespekka lag med lokførar og fyrbøtar Kvernberg i front. Han får god hjelp av bassist Hængsle og tre trommeslagarar/perkusjonistar i kolskuflinga. Sjølvsagt er Kvernberg komponist og arrangør.
Medrivande
I tillegg til å vera proppfull av medrivande musikk er Steamdome også eit eklatant prov på breidda i den musikalske orienteringa og det enorme potensialet i Kvernbergs skaparkraft. Det er ikkje meir enn tre år sidan han gav ut Mechanical Fair, ei utgjeving der strykeinstrumenta hadde ein meir framskoten plass og der inspirasjonen var henta frå den klassiske eller samtidsmusikalske verda.
Organisk
Steamdome er ei heilt anna skål. Her representerer rytmeseksjonen eit berande og gjennomgåande element som Kvernberg byggjer og utviklar temaa på. Kor organisk dette kan gjerast, får ein døme på i min eigen favoritt på plata, «Caterpillar». Kvernberg har så absolutt sans for klanguniverset til Ennio Moricone, noko som er meir enn tydeleg i «And Now». Plata er, saman med Liarbird, eit høgdepunkt i Kvernbergs karriere.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er lærar ved Voss gymnas og fast jazzmeldar
i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Jazz
Ola Kvernberg:
Steamdome
Ola Kvernberg, fiolin, bratsj, tangentinstrument, gitar, teremin, trommer og perkusjon; Øyvind Blomstrøm, gitar, baryton gitar og pedal steel gitar; Nikolai Hængsle, bass; Daniel Buner Formo, Hammond B3; Erik Nylander, Hans Hulbækmo og Børge Fjordheim, trommer og perkusjon. GRAPPA GRCD4569
Nok eit festivalprosjekt har materialisert seg på plate. Denne gongen er det ei felles tinging frå Jazzfest i Trondheim og Moldejazz som har resultert i dampande og sydande musikk frå eit sterkt stjernespekka lag med lokførar og fyrbøtar Kvernberg i front. Han får god hjelp av bassist Hængsle og tre trommeslagarar/perkusjonistar i kolskuflinga. Sjølvsagt er Kvernberg komponist og arrangør.
Medrivande
I tillegg til å vera proppfull av medrivande musikk er Steamdome også eit eklatant prov på breidda i den musikalske orienteringa og det enorme potensialet i Kvernbergs skaparkraft. Det er ikkje meir enn tre år sidan han gav ut Mechanical Fair, ei utgjeving der strykeinstrumenta hadde ein meir framskoten plass og der inspirasjonen var henta frå den klassiske eller samtidsmusikalske verda.
Organisk
Steamdome er ei heilt anna skål. Her representerer rytmeseksjonen eit berande og gjennomgåande element som Kvernberg byggjer og utviklar temaa på. Kor organisk dette kan gjerast, får ein døme på i min eigen favoritt på plata, «Caterpillar». Kvernberg har så absolutt sans for klanguniverset til Ennio Moricone, noko som er meir enn tydeleg i «And Now». Plata er, saman med Liarbird, eit høgdepunkt i Kvernbergs karriere.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er lærar ved Voss gymnas og fast jazzmeldar
i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?