JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMusikk

Talan Devik lagar musikk med opphav frå Grønland og Internett.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1737
20170630
1737
20170630

Elektronisk

Telan Devik:

Retro Illuminated Vol. 2

telandevik.bandcamp.com

Ein musikarven av meg hevda nyleg at det ikkje finst musikksjangrar lenger. Han tenkte nok på tydelege, breie sjangrar som pop, rock og jazz, men eg lista like gjerne opp eit utval nyare sjangeromgrep: seapunk, witch house, vaporwave, som alle peiker mot estetiske rørsler med opphav i internettkulturen.

Fleire stilelement

Mitt første møte med den grønlandske artisten Talan Deviks musikk kom gjennom ein youtubemix av vaporwave, eller i det minste musikk som den som sette saman spelelista, meinte hadde noko med vaporwave å gjere – for grensene mellom sjangrar er heller flytande for tida. Vapor tyder «damp», og den heimekokte definisjonen min går nokolunde slik: primært elektronisk musikk som låner stilelement frå svunne sjangrar frå relativt nær fortid, gjerne for å drive harselas med populærkulturens flyktige natur, destillert gjennom samplingar frå stemningsmusikk frå til dømes gamle dataspel og heismusikk.

Referansespekka

Vidare har eit vell av forvirrande undersjangrar (simpsonswave, mallsoft, fashwave, trumpwave etc.) oppstått. Om Talan Devik best kan kategoriserast som vaporwave, er ope for debatt, men så har det trass alt alltid vore slik at sjangeromgrep er meir eller mindre hendige verkty for å tale om likskapane mellom forskjellige kunstnariske prosjekt. Okke som er Talan Deviks nye plate ei underhaldande og fredsæl elektronisk musikkoppleving, spekka med referansar til både Street Fighter, ymse techno-stilartar og MacGyver – og dessutan er musikken tilgjengeleg gratis og lovleg på Internett.

Rasmus Hungnes

Rasmus Hungnes er musikar og fast platemeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis