JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMusikk

Stayer byd på tydeleg musikk som er sjarmerande og lystig.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1510
20170512
1510
20170512

Folkemusikk

Ingvild Blæster-
dalen trio:

Stayer

Ingvild Blæsterdalen, fele/gitar; Sivert Skavlan, cello/klarinett; Einar Olav Larsen, piano/trøorgel/fele
Eiga utgjeving

Heile denne plata inneheld nykomponerte slåttar av Ingvild Blæsterdalen. Og dei læt verken som rørospolsane frå oppveksten hennar eller som gjennomsnittleg runddansmusikk. Blæsterdalen dyrkar i staden ein minimalistisk stil som av og til grensar mot det naivistiske. Mykje av dette kunne fungert som lydspor til Barne-TV. Likevel: Det fungerer godt fordi det er gjennomsiktig, klårt og lett. Musikken verkar truverdig fordi han ikkje gjev seg ut for å vera noko anna enn han er.

Førsteklasses

Også medmusikarane støttar opp om dette uttrykket. Einar Olav Larsen frå Verdal er kjend som ein førsteklasses felespelar, men her utfører han for det meste med enkelt, men effektivt akkompagnement på trøorgel.

Cello er ikkje det mest nytta instrumentet i norsk folkemusikk, men her fungerer det framifrå. Sivert Skavlans elegante spel i det mørke registeret utgjer eit fint kontrapunkt til den lyse feleklangen.

Lett å lika

Dette er tydeleg musikk som er sjarmerande og lystig i karakteren. Av og til er det melankolsk, men det er ikkje tungsindig. Desse nye slåttane er lette å lika, men dei har samstundes det vesle av motstand som skal til for at plata toler å verta høyrd mange gonger.

Sigbjørn Apeland

Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast folkemusikkmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Foto: Privat

DiktetKunnskap
Svein Gjerdåker

Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid

«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Thor Magnus Tangerås debuterte som lyrikar i 2022.

Foto: Tove K. Breistein

Meldingar

Flyg høgt

Thor Magnus Tangerås skriv ujamt om naturen og teknikken i Landskap med vindturbinar.

Kjetil Berthelsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis